Loading

Sindre Kvalheim var ein pionér i norsk datasenterbransje. Han meiner politikarane må unngå panikk.
Nyleg vart det kjend at du kjøpar opp NetPartner AS og LocalHost som ein del av satsinga på å bygge datasenter i Vinje i Telemark, i Arendal og på Kollsnes utanfor Bergen. Kvifor meiner du datasenter er ei næring ein bør satse på i Noreg?
Det har blitt ei veldig tabloid framstilling på dette og det er mykje myter knytt til datasenterindustrien.
Den første myten er at det ikkje skapar arbeidsplassar. Den nye rapporten frå Menon viser jo at dette er ei næring som skapar meir arbeidsplassar per brukt megawatt enn metallurgisk industri.
Det at datasenterbransjen er ei ikkje regulert næring som berre bruker opp straumen vår, er også ei misforståing. Prosessen i dag er svært rigid og regulert, og dei hola som var der før er no i stor grad blitt tetta.
Det tredje er argumentet om at me berre skal bygge ut datasenter til norsk behov er også rart. Hadde det vore tilfellet kan me begynne å rive datasenter i dag, fordi norsk behov er ikkje stort. Hadde norsk aluminium industri, olje-industrien eller fiskerisektoren fått beskjed om å berre dekke norsk behov hadde nok næringa sett veldig annleis ut den dag i dag. Dette er ei ny norsk digital eksportnæring.

Kva er ein ting du ynskja politikarane forstod meir av om denne bransjen?
Dei som verkeleg tener pengar på dette her no, er jo nettopp underleverandørane. Dette vil jo ha enorm betydning for lokale maskinentreprenørar som før gjerne berre har hatt små hustomter og industriområder som prosjekt. Dei kan plutseleg få kontraktar på hundre millionar kroner. Så dette gir nokre vanvitige moglegheiter til kommunar som treng nye bein å stå på.
Det er enorme pengar som er på veg inn i landet, som blant anna vil styrke krona. Så her må ein ikkje få panikk, men heller agere raskt saman med bransjen.
Alt du trenger å gjøre er å legge inn e-posten din, så vil du få tilgang.
Ved å legge igjen e-posten, så godtar du personvernerklæringen vår.