«Det er her eg høyrer til, her kan eg prate skit med vanlege folk, som meg sjølv»
Utdrag frå boka «Husdraumar».

Forfattar Marit Eikemo og fotograf Marita Aarekol er aktuelle med boka “Husdraumar”, der dei fortel historiene om forlatte hus. I Vestlendingen kan du lese ein av dei forteljingane, frå Onarheim på Tysnes.
Forfatterne er ukens gjester i Vestlendingens podkast. Lytt her, eller i din podkast-app:
Laksemilliardæren
Onarheim
I femte sesong av Netflix-serien Peaky Blinders serverer Thomas Shelby irsk whisky til Winston Churchill på godset sitt:
– Irsk whisky framfor skotsk, sigarettar framfor havannasigarar – og mor di var sikkert fødd i eit telt, kommenterer Churchill.
– Bestemor mi var fødd i eit telt, mor mi i ein kanalbåt, seier Shelby. Han seier vidare at han ofte ligg vaken om nettene og ikkje ser poenget med å fortsette med noko. Då seier Churchill: – Frå eit telt, til ein kanalbåt, til eit hus, og no eit gods. Det er vel noko, er det ikkje?
– Jo, medgir Shelby, det er noko.
Det er ikkje akkurat eit telt, dette tunet i Espevika på Onarheim, men det er kanskje ikkje så mykje meir heller. Her budde besteforeldra til laksemilliardæren Gerhard Meidell Alsaker, og her voks mor hans Esther opp, i ein søskenflokk på sju. Det har alltid vore trongt og karrig her, i den eine generasjonen etter den andre. Ifølgje Alsaker har det aldri vore noko særleg tak i dei folka frå Espevika, historisk sett.
– Dei hadde små ressursar i Espevika, men evna ikkje å få noko ut av det vesle dei hadde heller. For å seie som far min sa: «Dersom du skaffar deg ei not, kan du selje fisken du får med den nota, men når du ikkje evnar å skaffe den nota ein gong …».
– Mor mi var sterk i hovudet, seier han, og så mange fleire supplement er det ikkje naudsynt å komme med.

Esther gifta seg til ein litt større gard med ein mann det var tak i. Og så fekk dei denne heilt spesielle sonen, som det var så kolossalt mykje tak i. På cv-en sin har Alsaker ført opp seks vekers arbeidserfaring. Han køyrde pickup for Statens vegvesen den sommaren han fylte 18, og sidan har han klart seg sjølv. Far hans dreiv brislingfiske i Hardangerfjorden før far og son fekk konsesjon og starta med oppdrettslaks saman. No er Alsaker god for 10 milliardar, sånn omtrent, og av dei har han investert om lag 1,5 milliardar kroner i og ved Onarheim dei siste åra. Det ser ikkje ut som han har investert ei einaste krone på morsgarden, men det har han! Det har kosta millionar å tilrettelegge innmarka som høyrer til bruket. Men husa, som ligg så vakkert til i vika …
Njaaa, det kjem no an på auga som ser, seier Alsaker. Fint vil han iallfall ikkje kalle det. Då han overtok garden for seks–åtte år sidan, var huset allereie eit vrak. Det går kanskje an å bygge noko nytt på staden med tida, når reguleringsplanen ein gong blir godkjent, men det er uaktuelt å reparere det. Det får halde at eg restaurerer barndomsheimen min, seier han og legg til: Det kostar meir enn det smakar.
Sjølv bur han i eit gods på over 2500 kvadratmeter, som han fekk bygd til seg og familien for eit par år sidan. Lakseslottet ruver på Onarheim med ein monumental, litt Falcon Crest-aktig stil, og alle kan sjå at her bur den rikaste mannen i Vestland. Palasset har ti soverom, tretten bad, møterom og kontor, i tillegg til ein carport på 128 kvadratmeter. Utsikta mot øysamfunnet er spektakulær.
Eg betaler mykje for den utsikta, seier han tørt. Underforstått: Han skattar mykje for å bu i Noreg. Men sånn er det, folk synest skatt er bra greier, berre andre betaler det, seier han, og kjem med ein lang harang om at samfunnet er regulert i hel. Dei klagar på at det er så dyrt for unge å kjøpe seg bustad, men det er akkurat så dyrt som politikarane vil at det skal vere! Alle ønsker seg eit enklare samfunn, men politikarane evnar ikkje å få det til. Det einaste vi veit, er at om 10, 20 eller 30 år blir det endå meir komplisert, og det kan vi takke det helvetes oljefondet for, vi har altfor god råd! Kvifor trur du det er dobbelt så mange sjuke i Noreg som i Sverige? Det er berre å sjå på sjukelønsordninga, så har du svaret. Folk må få lov til å vere sjuke, så klart, men når du begynner dagen med å kjenne etter … Det er tragisk, seier han.
Men ikkje så tragisk at han vurderer å flytte frå landet, det har aldri falle han inn å bu andre stader enn her, som familien hans har budd i fjorten generasjonar før han.
Det er her eg høyrer til, her kan eg prate skit med vanlege folk, som meg sjølv, seier han. Politikarane er ikkje einige i at Alsaker er ein vanleg mann. Dei har definert «vanlege folk» til dei som tener 700 000 i året. I det siste er dette oppjustert til 800 000. Det går framover. Frå den eine generasjonen til den neste. Frå ein karrig og fattigsleg gard i Espevika til eit gods på Onarheim. Det er vel noko, er det ikkje?

