– Fiskeridirektoratet er velkomne til å etablere seg i Gulen
Ei fordeling av oppgåver er viktig, også for Bergen.

Øyvind Kråkås er samfunnskontakt i Firda Seafood Group.
Er ei lokalisering av statlege arbeidsplassar til Gulen, ein av kommunane med høgst grad av privat sysselsetjing, utenkeleg?
Er ei lokalisering av statlege arbeidsplassar i byområde som slit med knappheit på areal, trøblete trafikkavvikling, skyhøge bustadprisar og press på offentlege tenester det einaste rasjonelle?
Nyleg lanserte eg, som samfunnskontakt i det Gulen-baserte konsernet Firda Seafood Group, tanken om at Fiskeridirektoratet kan lokalisere kontorarbeidsplassar til Gulen i Ytre Sogn.
Verksemda eg jobbar for har betydeleg kompetanse på å produsere aure, frå rogn til kjøledisk. Det heile byrja med eit sjølvbygd settefiskanlegg i Norddalsfjord i Sunnfjord, i dag går produksjonen over sju kommunar i Vestland fylke. Ein av dei er Bergen. Alt dette kan du lese meir om i boka «Mot straumen», der 40 år med historie blir rekapitulert.
Produksjon som sentrum
Gjennom 40 år har ikkje berre kunnskapen om fisk, men òg kunnskapen om samfunnsbygging vakse betydeleg. Hovudkontoret kunne sjølvsagt lege ved Vågen i Bergen, for å gjere seg lekker for dei flinkaste hovuda frå høgskule og universitet.
Det ville vore berre ein kvarters køyretur frå gründeren sin barndomsheim i Ytrebygda.
Men det var heilt andre kriterium enn dei urbane som vart lagt til grunn då han valde Byrknesøy som sentrum for aktiviteten. Her kunne ein vere tett på fisken, både i sjøen, og der han vert teken på land. Det er fisken som er midtpunktet i verksemda, og til nærare du jobbar den, dess viktigare er du for produktiviteten.
Dette er sjølvsagt eit syn på verdiskaping som er heilt utdatert. I det samfunnet vi lever i no, er det på hjørnekontoret (enn seie hyttekontoret) dei avgjerande vala blir tekne. Manuelt arbeid, hendene som rører ved det fysiske produktet, er berre noko ein får utført. Tilbydarane av desse tenestene kan dirigerast der ein treng dei til ei kvar tid, av politiske, offentlege og private leiarar.
Framtida og den eigentlege verdiskapinga tilhøyrer eit liv bak skjerma vindauge, i tørre og perfekt tempererte omgjevnader.
Du har sikkert skjønt at eg meiner det er ei felle vi går i her. At det å heve seg over dei konkrete, skapande oppgåvene er uproduktivt. Eg vil dra det til å seie at det er både framandgjerande, og i verste fall farleg. Vi blir mindre kompetente på å lage løysingar for oss sjølve, meir avhengige av ein «produserande klasse» langt borte. Dette kan ramme oss knallhardt i krisetider. (Som eit apropos: Nyleg vart den siste kommersielle skiproduksjonen i Norge lagt ned. Om nordmenn framleis blir fødde med ski på beina, er det ikkje norske ski).
Er det byen som er staten?
Prøver eg å seie at det er farleg at Fiskeridirektoratet har hovudsete i Bergen? Nei, det er ikkje nokon skade skjedd med det. Dei kan lett reise ut og møte menneske med oljebukser på. Diskusjonen handlar meir om at når dei først skal gjennomføre ei stor flytting, kvifor er det sjølvsagt at ein skal trykke seg saman der det kostar mest, og der politikarane og byplanleggarane slit tungt med å handtere folkemengda og trafikken?
Kvifor ikkje gjere seg nytte av kapasitet som finst, i område som er pressa på at folketalet stagnerer eller går ned?
Realitetane er at det meste av bedrifter og kontor allereie er flytta ut av kjernen i byane. Ein treng tomt, tilkomst og parkering. For Bergen sin del betyr det ofte til nabokommunane. Desse har posisjonert seg klokeleg. Folk flyttar etter. Ikkje alle lar seg sjarmere av byen sin fortettingspolitikk, tilbodet om å bu i fuglekassar langs Bybanen, eller betale ei formue i bompengar for å ferdast på forsømte vegar ute i bydelane.
Sjølv når du besøker bestemor i blokka, må du betale dyrt for gjesteparkering, om du får plass.
Utkanten kan hjelpe
Eg meiner, kanskje i naivitet, at det går an å ta ein del av veksten utanfor byregionen.
At utkantane faktisk kan gjere jobben enklare for bypolitikarane, med å ta sin skjerv av folk og bedrifter.
Og at staten, som dei siste tiåra har vore på nådelaus retrett frå dei fleste kommunar, godt kan legge ein del av sin aktivitet i kommunar der private har gjort enorme investeringar og etableringar. Nordhordland og Gulen husar Norges einaste oljeraffineri, med eit stort industrimiljø rundt seg. Det er utvikla ei imponerande industriklynge i Sløvåg og eit veksande industriområde i Skipavik. Firda har over 200 av våre totalt 300 tilsette i Gulen, og det føregår ei ambisiøs reiselivssatsing i kommunen. Det blir bygd ny vidaregåande skule i regionen.
At det skulle vere latterleg å føreslå å legge statlege arbeidsplassar dit det er tilgang til areal, barnehage, skule, butikkar, bustadtomtar og byggeprosjekt klare til realisering, verkar på meg litt underleg.
At det skulle vere for risikabelt for staten å satse på område i landet vår der private har investert milliardar som eit veddemål mot fråflytting og nedbygging, verkar stusseleg.
All ære til den staten som ein gong vågde å bygge ut på Mongstad. Dette er ikkje å forstå som eit angrep på Bergen, byen vår. Det er å slå eit slag for at Vestlandet skal vere det vi kjenner det som, eit diamantkjede av livskraftige lokalsamfunn, med Bergen som den største steinen.
Det som burde uroe vestlendingar, er at Nord-Norge har meldt seg på i diskusjonen om Fiskeridirektoratet, og dei har gode kort på hand. Dei har ein stor del av fiskeria, og stadig meir av havbruket. Vestlandet er under nedbygging og press som sentrum for sjømat. Vi kranglar om kontor, medan næringar blir borte for oss.
