– Heimekontor-forbod: Ein gåvepakke til Oslo-staten
Du får ikkje dei beste folka ved å tvinge dei inn til Oslo-kontoret, skriv Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo er dagleg leiar i Drivkraft og bidragsytar til Vestlendingen.
DNB varsla nylig at oppmøte på kontoret igjen blir hovudregelen. Styreleiar Knut Brundtland i ABG Sundal Collier oppsummerte det i fem ord i E24 førre veke: «Den gamle modellen er best.»
Dette er meir enn ein HR-debatt. Det er ei gåvepakke til Oslo-makta. Ikkje minst kva gjeld den største og mektigaste arbeidsgivaren for folk med høgare utdanning; ein arbeidsgivar som sit musestille i denne debatten: staten.
For kva er det eigentleg som blir sagt? At verdiskapinga skjer der sjefen sit. At den som vil vere med og bestemme, må møte opp fysisk i eit stort hovudkontor, som ligg der det alltid har lege. Ingen seier det høgt, men konsekvensen er tydeleg nok: Rekrutteringspoolen krympar til dei som bur i dagleg pendleavstand til Oslo.
Det er ein trussel mot Vestlandet si utviklingskraft. Og det er ein trussel mot noko endå meir grunnleggande: Fridomen folk bør ha til å leve gode liv over heile landet.
Kritikarane har eit poeng
Først til det heimekontor-kritikarane har rett i: Vi er sosiale dyr. Aleinegang kan ikkje erstatte fellesskap. Vi treng praten over kaffimaskina. Vi treng å sparre, slenge med leppa, teste halvferdige idear. Helst med folk som ikkje tenkjer likt som oss sjølve.
Men frå den observasjonen til konklusjonen «alle må møte opp dagleg på hovudkontoret» er det eit langt sprang. Og forskinga følgjer ikkje med på ferda. Nils Brede Moe i Sintef og Jarle Moss Hildrum i Telenor viste til det i Aftenposten sist helg: Ein Stanford-studie av 1600 kunnskapsarbeidarar fann at hybridordningar gav færre oppseiingar og høgare trivsel, utan at prestasjonane vart dårlegare. Ein studie av 137 amerikanske selskap med kontorpåbod fann inga målbar betring i lønsemd, berre lågare tilfredsheit. Av 68 større bedrifter Sintef m fl har undersøkt i år, har berre fire gjeninnført fem faste kontordagar.
Debatten blir ført som eit val mellom to ting: heimekontor eller fast oppmøte på eit hovudkontor. Det er ein falsk motsetnad. Det finst ei tredje løysing, og den passar Vestlandet som hand i hanske: Gode, desentraliserte kontorfellesskap der folk faktisk bur – digitalt kobla opp med kollegaer over heile landet.
Då slær du to fluger i ein smekk. Arbeidsgivaren kan rekruttere dei beste folka frå heile landet i staden for frå ein smal pool i og rundt hovudstaden. Dei tilsette får fleksibiliteten og det sosiale påfyllet, den felles kulturen og den uformelle idémyldringa som eit jobbfellesskap gir.
Norconsult, for å ta eitt eksempel, har for lengst sett dette i system. Dei desentraliserer kontorstrukturen i staden for å sentralisere. Dei oppretta nylig ei ny avdeling i Nordfjord som no har 11 tilsette på Nordfjordeid og Sandane. Norconsult sitt kontor i den vesle bygda Flekke i Sunnfjord har fått ansvar for eitt av Norges største kraftverkprosjekt på fleire tiår. Dei rekrutterer inn fleire i Flekke og kompletterer med kompetanse frå andre kontor, mellom anna i Oslo.
Norconsult gjer det ikkje for å vere snille med distrikta. Dei gjer det for å få tak i dei beste folka.
Og staten?
Så over til den største arbeidsgivaren for folk med høgare utdanning: Staten. Er staten moderne og fleksibel som Norconsult eller meiner staten, som Knut Brundtland i ABG Sundal Collier, at den gamle modellen er best?
I mi tid som ordførar i Stad prøvde vi å finne det ut. Nordfjordeid hadde ei rekkje små statlege kontor der kvart enkelt av dei stadig var truga av nedlegging nettopp fordi dei var små. Framlegget vårt var ikkje spesielt radikalt: Kva om desse kontora (NAV, Skatteetaten, Politiet, Statens Vegesen m fl) gjekk saman i eitt samla statleg fagmiljø der dei kunne trekke vekslar på kvarandre på tvers av etatsgrenser, bli eit miljø det er lettare å rekruttere til, og samstundes jobbe digitalt tett kopla på kollegaer i resten av landet?
Det viste seg å vere ein uvanleg seig prosess. Å koordinere på tvers var ein fjern tanke for Oslo-staten. Alle såg på kvarandre og leikte peikeleiken. Til slutt gjekk det, i hovudsak fordi ein uvanleg handlekraftig Kommunal- og moderniseringsminister var på rett stad til rett tid (noverande Bergen Næringsråd-sjef Monica Mæland). Men det skjedde på trass av, ikkje på grunn av, statsbyråkratiet.
No står Statens hus på Nordfjordeid ferdig, og funkar som ei kule. Folk kan løyse nasjonale oppgåver frå ein liten stad, utan å flytte inn til eit hovudkontor i Oslo.
Oxford Research har følgjeevaluert piloten for departementet. Rapportane er verdt å lese for alle som trur slikt går av seg sjølv. Om samspelet med staten skriv dei i sluttrapporten at «det fra kommunenes side stadig flyter ideer og initiativ oppover i systemet, men at det er få mottakere som kjenner ansvar for å ta disse initiativene imot og reagere». Nokre linjer seinare: «Mangelen på samordning, initiativ og respons fra statlige etater har skapt frustrasjon hos pilotene.»
Og allereie i delrapporten frå 2023 skreiv evaluatorane at «fylkeskommuner og statsforvaltere er varsomme med å utforske mulighetene dette gir. Det er etter vår mening synd.»
Vatn på mølla
Synd er eit mildt ord. Piloten vår på Nordfjordeid er så langt nettopp det: Ein pilot. Resten av statsapparatet får halde fram som før, med «mangel på samordning, initiativ og respons». Det er framleis er fritt fram for alle statlege leiarar å gjere som Knut Brundtland: Lene seg tilbake og seie at den gamle modellen er best.
Og no får dei vatn på mølla. Kvar einaste leiar i staten som helst vil ha folk i synsvidde, kan denne hausten vise til DNB og ABG Sundal Collier og seie at å få folk tilbake på hovudkontoret, i same bygg som sjefen, det er moderne leiarskap.
Det vil vere ei ulukke for Distrikts-Noreg, for Vestlandet og ikkje minst for dyktige folk som vil ha fridom til å finne sitt gode liv ein annan stad enn i og rundt hovudstaden.
Vestlandet har alt å vinne på å stå samla for eit fleksibelt arbeidsliv. Og vi har alt å tape på å la Oslo-makta kverne vidare på at den gamle modellen er best.
