Ho måla Vestlandet i 70 år. Og heldt fram i draumane då synet svikta.
I helga kan du bli kjend med Frida Rusti for siste gong.

Kristine Kolrud, førstekonservator ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde
Ei tid vart synet til Frida Hoeck Rusti (1861–1963) så dårleg at ho ikkje lenger kunne måle. Løysinga hennar vart å halde fram «i draume», skreiv ho sjølv. Så snart ho kunne sjå nok til å ta opp penselen igjen, gjorde ho det. Ho heldt fram med å måle etter at ho fylte 102 år.
Kjærleiken førte ho til Leikanger
Sidan 17. april har Sogn og Fjordane Kunstmuseum vist 50 verk av Frida Hoeck Rusti (1861–1963) i utstillinga «Eg målar i draume» – ein tittel henta rett frå kunstnaren sjølv. Sundag 30. august kan du sjå utstillinga for siste gong.
Frida Hoeck, som ho heitte før ho gifta seg, var fødd og oppvaksen i Karlsruhe i Tyskland. Ho byrja kunststudia i heimbyen, og studerte sidan vidare i Berlin og Paris, der ho spesialiserte seg på portrett og scener frå kvardagslivet. Frida Rusti meinte sjølv at ho hadde størst talent for portrett. Ho var dessutan ein usedvanleg dyktig teiknar og ein fin kolorist.

Allereie tidleg interesserte ho seg for det meir konvensjonelle måleriet, men ho var også påverka av fargebruken til impresjonistane.
Det var under utdanninga i Tyskland ho trefte den norske målaren Olav Rusti (1850–1920). Dei flytta saman til Leikanger i 1893, der han hadde familie.
Møtet med Olav Rusti skulle få mykje å seie for både livet og kunsten hennar. Han var inspirert av dei gamle meistrane og var ein aktiv målmann, oppteken av den gamle norske bondekulturen. Dette engasjerte Frida sterkt. Ho byrja å gå i bunad og fekk ei sterk interesse for norsk folkekultur, noko som skulle prege heile kunstnarskapen hennar.

Etter nokså kort tid etablerte paret seg i Bergen, men dei drog ofte attende til Leikanger. Den vestnorske naturen trefte noko i henne med det same, og ho gjekk stadig turar og skildra landskapet ho såg. Begeistringa avtok aldri: sjølv i 90-åra fortalde ho at ho naut å sjå nye vakre stadar.
Astrid og dei andre borna
Interessa for folkekultur kjem fram i kunsten hennar. Bondeinteriør er med i mange verk. Ho måla ikkje berre folk og bondestover i Leikanger-området då ho og mannen budde der, men også seinare. Sjølv etter at dei flytta til Bergen, drog dei ofte til Leikanger. Her måla Rusti den unge jenta Astrid Røysum fleire gongar, og ho inkluderte gjerne detaljar frå interiøret. Rusti fekk god kontakt med mange av borna ho måla, og portrettet Astrid er eit tydeleg døme på hennar spesielle evne til å vektlegge personlegdomen og særeigenheita til det enkelte barnet.
Barneportrett var noko som opptok Rusti heilt frå starten av karrieren. Sjølv om ho verka mest på Vestlandet, reiste ho også rundt og hadde mange oppdrag over heile landet. I tillegg hadde ho ein stor produksjon av portrett av vaksne, mellom anna mange målfolk.
Måtte sjå naturen med eigne auge
Interessa for landskap auka etter kvart. Akademiet i heimbyen hennar, Karlsruhe, spesialiserte seg på landskap. Under oppveksten til Frida Rusti var den norske landskapsmålaren Hans Gude professor ved akademiet. Fleire norske målarar, mellom anna Kitty Kielland, drog dit og studerte med han. Men Rusti stilte ikkje ut landskap før ho hadde vore i Noreg og sett den vestnorske naturen med eigne auge. Den første reisa til Noreg og Leikanger fann stad i 1887, fleire år før ho slo seg ned i Noreg.

Produksjonen av landskap vart særleg høg utover på 1920-talet. I tillegg til at ho likte landskapa ho såg rundt seg på Vestlandet, må interessa for lys- og fargeverknader ha vore utslagsgivande for dette valet. Det er også tydeleg at ho var oppteken av dette i dei mange stillebena av blomstrar.
Vart kasta ut av huset av sitt eige folk
I tillegg til å vere ein produktiv målar, var Rusti oppteken av å skape eit miljø for andre frå kunst- og kulturlivet. Urdi-huset som framleis står på Damsgård-sida i Bergen, var ikkje berre heimen til Frida og Olav Rusti. Det var også ein møtestad av stor betydning for andre. Mange av dei tilhøyrde målrørsla. Både Hulda og Arne Garborg var på besøk fleire gongar. Olav Rusti sat i styret for mållaget Vestmannalaget, og mange av aktivitetane hadde tilknyting til dette arbeidet. Til dømes gjekk den første landskappleiken på hardingfele i Vestmannalaget av stabelen i Urdi allereie kort tid etter at dei kjøpte huset i 1896.

Sjølv om det var på grunn av mannen at Frida Rusti tok del i målrørsla, var ho ei særs sjølvstendig kvinne. Etter at ho vart enke i 1920, fortsette ho å engasjere seg i Vestmannalaget. I 1948, berre tre år etter den andre verdskrigen, vart ho som dessutan skreiv på riksmål, utnemnt til æresmedlem av laget.
På dette tidspunktet budde ho ikkje lenger i Urdi-huset. Det vart teken av tyskerne under krigen og ho vart tvinga til å flytte ut. Ho tok sjølv sterk avstand frå nazismen, og flytta aldri attende til huset etter krigen.
Men for Rusti var det viktig at Urdi-huset skulle tene kunsten etter hennar eiga tid. I 1956 selde ho derfor huset for ein symbolsk sum til det som då heitte Bildende Kunstneres Forening i Bergen og Kunstnersamfundet i Bergen. Dette var i praksis ein donasjon, og det vart halde mange nye kunstutstillingar i huset i tiåra etter overdraginga.
Huset har vore i bruk til kunstformål fram til den dag i dag.
På 1950-talet var Rusti komen i 90-åra, men ho ivra fortsatt for å arbeide. Ei tid fekk ho så store problem med synet at ho ikkje kunne måle. Då skreiv ho at ho fortsette med det i draume. Så snart ho kunne, tok ho opp penselen på nytt, og ho måla heilt til det siste, 102 år gamal.
