Loading

Olav Øyehaug Opsvik er direktør ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta, og spaltist i Vestlendingen.
Eg får ei sterkare og sterkare kjensle av at demokratiet kan forvitre i Noreg også. Om vi ender opp med å sleppe til autoritære krefter fordi vi har overtala oss sjølve om at vi har det så fælt, er vi historisk idiotiske.
Så lenge eg har vore vaksen nok til å lese om PISA-undersøkinga, har eg fnyst litt. Av måleregimet i seg sjølv, men ikkje minst den typisk norske forventinga om å vere betre enn alle andre. Men dei tydelege tendensane som kjem fram i 2025-undersøkinga er urovekkande.
Då er det utruleg synd at debatten i kjølvatnet av offentleggjeringa blir redusert til himmelropande tåpelege utspel om «amøber som tisser på seg» frå Sanna Sarromaa og generell moralisme frå dei vaksne mot borna dette dreiar seg om.
Og vi må snakke meir om det demokratiske problemet som oppstår når born ikkje kan tileigne seg dei kunnskapane dei treng. Det handlar ikkje berre om at vi skal ha gode skattebetalarar og konkurrere mot andre land og arbeidsmarknadar. Vi skal også oppfostre kritiske, opplyste borgarar. Det er skremmande om vi ikkje får det til.
Påfallande nok kom PISA-resultata samstundes med at dei viktigaste aktørane i demokratiet vårt gjekk inn for å setje demokratiet på pause, med ein såkalla borgfred. Denne tronge konformiteten oppstod i eit samspel mellom det breie laget av befolkninga, media og politikarane som blei ein udemokratisk cocktail.
Ein tilsvarande negativ, populistisk spiral pregar den breie politiske debatten: veljarar klagar på prisauke, medan politikarane kappast om løfter alle burde vite dei ikkje kan halde. Alt blir forsterka av ei lettvint mediedekning, anten det gjeld prisen på mat eller drivstoff.
Arbeiderpartiet sine valkamputspel om renta var tåpelege, og opposisjonen prøver sjølvsagt å straffe dei for det kvar gong rentehevingane melder seg. Eg meiner Senterpartiet har erfart noko av det same, der stor hybris før og i tida etter stortingsvala i 2017 og 2021 blei møtt med brutale realitetar. Den internasjonale utviklinga var jo ikkje deira feil, men mellom linjene i valkampanjane deira låg det ein lovnad om ein enklare kvardag for folk flest.
Men kven av partia vil for alvor ta ansvar for å bryte ut av denne spiralen? Kven vil seie det alle eigentleg veit?
Så lenge krefter internasjonalt syter for dårlegare tilgang og flyt av varer, vil prisane stige. Vi må slutte å forvente at vi naudsynleg skal få betre råd, og politikarane må slutte å love det. Først då kan vi få ordentlege debattar om kva vi skal prioritere.
Dersom vi held fram med urimelege forventingar til politikarane, og dei held fram med løfter dei ikkje kan halde, vil tilliten mellom oss bli svekka meir og meir. Det blir som eit usunt forhold der den eine parten (politikaren) prøver å innfri urimelege krav (frå veljarane) og framstår meir og meir patetisk i forsøket, medan forakten frå den andre berre aukar.
Vi ser i heile Europa og USA kva konsekvensar det kan få.
Og samstundes som vi må tole å tenkje på at ting faktisk kan og truleg vil bli vanskelegare, må det også bli meir stuereint å minne om at den jamne nordmann framleis har det betre enn dei aller fleste andre i heile verda.
Høg levestandard, tillit og sterke institusjonar – kombinert med ei gigantisk formue – gjer oss betre rusta enn nokon andre til å møte dei tøffe tidene vi er i, og som ikkje ser ut til å bli enklare framover. Men startpunktet må vere at vi er heldige og jamt over har det bra, og at dei viktigaste utfordringane faktisk ikkje dreiar seg om dieselprisen, men fridomen og demokratiet vårt.
Om Noreg skulle kome i ei mistillitshengemyr som dei har hatt i Ungarn, USA, Storbritannia eller no i Tyskland, ville det ikkje vore historia om landet som blei for rikt, men landet som blei for dumt.