– Me står i fare for å byggje ned viktige industrimiljø
– Det kjem mange gode ord frå politisk hald, men den harde sanninga er at det er berre ein ting som gjeld: at folk har ein jobb å gå til, seier Astrid Kjellevold. – Den jobben må kome av at me byggjer noko.

Astrid Kjellevold (55) er leiar for Atheno og har jobba der i over 20 år. Næringsutviklingsselskapet Atheno kartlegg no konsekvensane av den venta nedgangen i industrien i Sunnhordland.
Kva er situasjonen no?
Noko av det som pregar industribildet mest, er heilt klart av plattformen Valhall forlot Sunnhordland i august og at plattformen Hugin A drar tidleg i 2027.
Noko av tanken då oljeskattepakken vart lansert, var at åra med dei store byggjeprosjekta skulle brukast til både å utvikle prosjekt for olje og gass og til å utvikle konkurransekraft inn mot nye, globale marknader.
Men det grøne skiftet og dei nye marknadene er ikkje modne nok til å kompensere for aktivitetsfallet me no ser. Det kjem ikkje i tide, og då får me eit kritisk omstillingsgap. Me opplever situasjonen no meir som eit paradigmeskifte enn eit vanleg konjunkturfall.
Kva viser kartlegginga så langt?
Det er stor bekymring blant bedriftene for tap av kompetanse. Samstundes er det stort fokus på moglegheitsrommet dei nye marknadane gir. Både små og store bedrifter er opptekne av å byggje konkurransekraft for framtidig verdiskaping og det er stor vilje for å vere med å byggje framtida. Ei alvorleg bekymring i dette er at det ikkje blir lagt til rette for og skapt rammer som gjer det mogleg.
Analysearbeidet er ikkje ferdig enno, så me har ikkje gått ut med noko tal. Det me er ferdige med, er digitale undersøkingar og djupneintervju, så me har ei god oversikt over kva bedriftene meiner.
Kva er bedriftene mest frustrerte over når dei ser på norsk industripolitikk?
Det er ikkje likt for alle. Sunnhordland har styrke mellom anna innan offshore, maritim næring, havbruk, prosessindustri og bygg og anlegg. Men stadig fleire melder om utfordringar og ei oppleving av at ein i Noreg driv med avindustrialisering.
Det er litt av den norske naiviteten: Me sender arbeid til andre delar av verda som me kan levere på høgaste nivå i vårt eige land. Det er vanskeleg å forstå, og det er stor fortviling over norsk industripolitikk, ikkje minst fordi me har denne kompetansen her.
Me står i fare for å byggje ned kraft og kompetanse me har vore heilt avhengige av for å kome dit me er i dag. I tillegg er det frustrasjon over byråkrati og regelverk, og at ulike bransjar blir regulerte i hjel. Samla sett er dette krevjande for både store og mindre selskap.
Oljeskattepakken gav nokre år med høg aktivitet. Er ikkje fall i aktivitet uunngåleg?
Det er klart at oljeskattepakken har gjort at volumet har vore unaturleg høgt. Aker Solutions på Stord har nær to tusen fast tilsette, men har i denne perioden hatt over 12 000 innleigde, konsulentar og leverandørar i sving i prosjekta sine. Aktiviteten har vore høg over ein lang periode, også før skattepakken, og det har gjort at ein stor underskog av leverandørar har tilpassa seg eit høgare nivå. Så dette har gitt store ringverknader.
Samstundes har ein lært mykje av dette. I tillegg til å ha levert byggverk i verdsklasse, har ein fått til eksepsjonelt krevjande prosjekt for å understøtte den store aktiviteten, til dømes med etablering av innkvarteringskapasitet for dei mange prosjektarbeidarane. På Stord har me dei siste åra hatt verdas største «hotell» med over 4000 rom. Det er bygd opp ein unik kompetanse på infrastruktur og logistikk, som er berre eitt av mange døme på korleis industriaktiviteten har skapt viktige ringverknader.
Dersom gapet mellom bortfall av eksisterande oppdrag og framvekst av nye marknader ikkje hadde oppstått, hadde me ikkje hatt dagens utfordringsbilde.
Kva av funna i kartlegginga har overraska deg mest?
Det er ikkje funn i undersøkinga som overrasker veldig. Dette er noko som har vore varsla lenge både til politikarar og næringsliv. Det er ei sanning dei fleste er klare over, og ei erkjenning av at me er i ei endring som er kompleks å forstå fullt ut på noverande tidspunkt.
Noko av det beste med undersøkinga er at me har danna eit grunnlag som gjer at me enkelt kan måle situasjonen framover. Det kritiske punktet er ikkje no, men er meir venta utover i 2027 og kommande år.
Sidan 1970-talet har me bygd store komplekse oljeinstallasjonar her, og sjølv om me trur at olje og gass vil vere viktig også i framtida, har me ikkje eit heilt tydeleg bilete av korleis framtidsmarknadane ser ut. Det er lett å snakke om å gå frå ein marknad til ein annan, men det er komplekse prosessar, med nye kundar, nye produkt, nye krav og ikkje minst svært tøff konkurranse. Å byggje konkurransekraft tek tid, og det er ofte eit samarbeidsprosjekt mellom små og store aktørar, politikarar, akademia og andre. Samtalane me har hatt viser at dette samarbeidet no blir etterlyst.
Ellers er det forventa funn: frykt for tap av kompetanse, arbeidsplassar og redusert verdiskaping. Dersom ein byggjer ned industrikapasiteten, så er det særs krevjande å byggje opp igjen. I tillegg er det funn som går på andre forhold, til dømes at det ikkje er god nok logistikk som er tilpassa næringslivet på vestkysten, som til dømes Hordfast.
Det er ikkje mangel på industriell kompetanse, kapasitet eller omstillingsevne som er problemet. Utfordringa er som sagt meir at fornybarprosjekta som ein trudde skulle avløyse olje og gass ikkje har kome slik ein trudde då ein vedtok skattepakken. Det finst knapt eit einaste prosjekt i Noreg som kan erstatte bortfallet i dagens aktivitet. Det fins nokre prosjekt internasjonalt, men der er konkurransen ekstremt tøff. Hovudfunnet er nok at det er for lite målretta tiltak som kan hjelpe oss med å unngå ein situasjon der ein riskerer å miste både kompetanse, industrielle miljø og komplette verdikjeder.
Korleis kan ein bevare kompetansemiljøet og verdikjedene?
Det kjem mange gode ord frå politisk hald, men den harde sanninga er at det er berre ein ting som gjeld: at folk har ein jobb å gå til. Den jobben må kome av at me byggjer noko. Me må ha framtidig norsk industri som blir utvikla på grunnlag av kompetansen me har i dag, ein kompetanse som er blant dei framste i verda.
Vår erfaring er at bedrifter og industrien i Noreg er både omstillingsvillige og klare, og det er ei tydeleg framtidstru på at moglegheitane er mange.
Men skal me lukkast, må me og setje ei retning for kva me skal byggje, og ikkje minst bestemme oss for at me skal byggje ting her, ikkje i utlandet.
Er det andre marknader enn olje og gass ein bør satse på for å sikre framtida til industrien i Sunnhordlandsregionen?
Moglegheitene er mange, både nasjonalt og internasjonalt. Forsvar, havvind, karbonfangst, kjernekraft, datasenter og kraft og energi er nokre døme. Me er ein region med offensive og framoverlente bedrifter der ein allereie er godt i gang innan fleire av desse. På same tid er det viktig å påpeike at olje og gass framleis vil vere viktig lenge.
Politikarane har sett av midlar til denne situasjonen, men er det noko meir de skulle ynskje at dei gjorde?
Me har mange politikarar på besøk i løpet av eit år, og det aukar markant når me nærmar oss valkamp. Me har industri og teknologi i verdstoppen innan mange områder, og det tiltrekkjer seg politikarar. Det set me pris på.
På same tid skulle me nok gjerne sett at dei verkeleg sette seg inn i problemstillingane, både konsekvensane av kva me kan få til og konsekvensane dersom ein ikkje investerer og lukkast. Det er bra at dei kjem og at dei er interesserte, men me skulle og ynskje at dei i større grad forstod og handla ut frå industribilete og verdiskapinga i eit nasjonalt perspektiv.
Eg trur dei må ta stilling til kva type industri me skal ha i Noreg. No står me i fare for å byggje ned viktige industrimiljø. Aker Solutions på Stord er det einaste miljøet i Noreg som kan gjennomføre dei aller største og mest kompliserte energiprosjekta. Dette er ikkje noko ein kan leggje i møllposen nokre år. Då forsvinn det for godt. Kva betyr det for landet dersom dette miljøet blir bygd ned?
Artikkelforfatter Emil Steinsbø er praktikant i Initiativ Vest fra sammenlignende politikk ved Universitetet i Bergen.
