Min dag som statsminister
SKRÅBLIKK: Er det ein statssekretær her med ansvar for presse her?

Martin Årseth er redaktør i Syn og Segn. Han bidreg i Vestlendingens fredagspalte Skråblikk.
Eg har eit mål om å verte kjent nok til at ei avis vil portrettere meg i eit intervju som inkluderer «ti kjappe» og spørsmålet «kva ville du gjort om du var statsminister for ein dag?».
Eg ville forbydd motorsyklar. I alle fall i bynære strok, ja, i alle fall framfor stampuben min som ligg like ved eit lyskryss. Det må det jo kome nokon reglar mot! Veit dei ikkje at det finst stillegåande, elektriske motorsyklar?
Så eg hadde kome på kontoret klar for å ta tak i dette, men først må eg jo få meg eit nøkkelkort, og i tillegg finne på ein pinkode til han. Kan vel ikkje bruke den same som på bankkortet eller mobilen, så det går jo fort fem minutt med å kome på ein ny. Og så er det helserunde der alle må presentere seg. Kenneth er vittigperen, Beate har vinlotteriet. Å nei, får ikkje håpe denne dagen min som statsminister er ein fredag, for då tek jo vinlotteriet litt av tida. Gustav inviterer til fredagspils og det er visst min runde å vere ordensperson å ta ut av oppvaskmaskina. Om det ikkje er ein førstedag-spøk.
Logge på pc-en, men kva for eit passord skal eg ha der, då? Eg ser for meg at statsministeren må ha eit relativt vanskeleg passord. Håpar Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon ikkje krev eit sånt passord som må ha stor bokstav, teikn, tal, liten bokstav og nøkkelordet for å finne Eldorado, men at ein kan ha ei setning. «Motorsyklar er bråkete.» Og så var det printeren, då.
Okei, men då kan eg i alle fall ta ein telefon til samferdselsministeren om å få gjort noko med dei motorsyklane. Eller er det klimaministeren, kommunalministeren eller justisministeren? Det må kanskje organiserast på tvers av departementa, men den samordninga kan ein statssekretær ta seg av.
Og må eg ringje dei med den nye regjeringstelefonen, den som Per Sandberg tok med til Iran? Håpar dei har kjøpt inn fleire slike, og kva skal pinkoden vere på den? Har ikkje fått tilgang til printeren enno, så kan i alle fall ikkje sende brev.
Eg får sende ein statssekretær til fots, det er det tryggaste.
Okei, okei. Då er det berre å setje i gang. Utgreiingsinstruks, høyring, proposisjon. Korleis var rekkjefølgja på alt dette, då? Dette har dei tilsette i departementet kontroll på, så eg får berre håpe at vinlotteriet ikkje er i gang enno. Og så må vel lova ha fleirtal på Stortinget, men kva for eit fleirtal er det eigentleg som støttar denne regjeringa?
Kanskje nokre parti kan støtte det på grunn av klima, andre kan kanskje kaste på ei populistisk bølgje om det vert ein snakkis. Er det ein statssekretær her med ansvar for presse her? Vi får vel kanskje fleirtal for kompromisset at det er opp til kommunane å avgjere kor bråkete motorsyklane kan vere. Det fører sikkert ikkje til nokon problem.
Nei, kva er det no? Var det eg som vann i vinlotteriet? Oi, ein smådyr bordeaux. Du og du. Er det ein statssekretær att som vil dele han med meg? Eg trur kanskje eg får starte med dei motorsyklane i morgon.
