Norsk beredskap kan ikkje byggast i utlandet
Kan vi bygge skrog i Noreg? Eller har vi vorte så vande med å bygge i utlandet at vi har mista trua på eigne industri?

Gjermund Kvernmo Langset er Chief Development Officer i Bauta Group
Diskusjonen kring skrogbygging i Noreg går for fullt i samband med bygging av nye standardfartøy til forsvaret. Inntil 28 nye fartøy skal byggast til Marinen og Kystvakta, i tillegg har Noreg inngått samarbeid med Storbritannia og Litauen om utvikling og mogleg kjøp av norske fartøy.
I fyste omgang skal vi bygge inntil 10 havgående fartøy, i neste inntil 18 kystnære. Stortinget har lagt til grunn at fartøya skal utviklast og byggast i Noreg, likevel opnar konkurransegrunnlaget for ein anna modell.
Det opnar for å bygge skroga i utlandet og så utruste skipa i Noreg, slik vi i hovudsak har gjort på større skip dei siste 20-30 åra.
Kan vi bygge skrog?
Ein del meiner hardnakka at vi ikkje kan bygge skrog i Noreg lengre, at den tida er forbi, men er det riktig?
Fleire norske verft bygde skip i sin heilskap til langt ut på 2010-talet. Kleven bygde både offshorefartøy og nye hurtigruteskip, det siste levert i 2020. Vi i BAUTA Group var med å leverte skroget til ein 80-meter lang fiskebåt i 2018. Fitjar Mekaniske Verkstad bygger framleis komplette skrog til mellom anna brønnbåtar. Desse leveransane viser at norske verft har dokumentert erfaring med prosjekt av same storleik som dei havgåande fartøya.
I tillegg har ei rekke norske verft kontinuerleg hatt produksjon av skrog til mindre fartøy. Eksempelvis fiskefartøy og servicefartøy til havbruksnæringa. Desse kan samanliknast i storleik med dei kystnære standardfartøya.
Vi kan bygge skrog.

Har vi kapasitet?
Det vert også argumentert med at talet fartøy er stort og at norsk industri ikkje har kapasitet nok til å levere på tid. Standardfartøya skal leverast over ein periode på ti år. 28 fartøy på ti år er ikkje mykje for norsk verftsnæring, det utgjer omtrent tre fartøy i året. Sett opp mot aktiviteten i norsk verftsnæring elles, så er det eit handterbart volum.
I tillegg har vi per i dag fleire verftslokasjonar som ikkje er i drift, etter at dei vart nedlagte som følgje av offshore-krisa i 2014. Desse kan relativt enkelt takast i bruk igjen, noko som har vore ein del av strategien til BAUTA Group i fleire år og som vi har bevist er mogleg. Vi har difor ein stor industriell kapasitet som vi per i dag ikkje nyttar. Ein kapasitet som burde vore av nasjonal interesse av å få i drift, både for å auke verdiskaping men og for å sikre beredskap.
Gjennom samarbeid mellom norske verft kan vi mobilisere betydeleg kapasitet til bygging av seksjonar og skrog. Dette er ei næring som samarbeider når ein kan, og konkurrerer når ein må.
Her må vi ikkje konkurrere om alt, det gir oss rikeleg med kapasitet.
Skal lågaste pris vege tyngst for beredskapen?
Så kjem ein ikkje unna den eigentlege grunnen til at vi i stor grad har fasa ut skrogbygging i Noreg: Det er verken kompetanse eller kapasitet, det er pris. Det har dei siste 30 åra vore vesentleg rimelegare å bygge skrog i Aust-Europa enn i Noreg. Det har gjort at vi her heime har fokusert på utrustning, utstyr og igangkøyring. I dag ser verda annleis ut, vår eiga erfaring i BAUTA Group er at differansen i kostnad er vesentleg mindre enn for få år sidan. Vi i BAUTA har dei siste åra vunne fleire prosjekt knytt til stålbygging i konkurranse mot Aust-Europa, sjølv med produksjonen lagt 100 prosent til Noreg.
Kva vi gjer me bygginga av standardfartøya er eine og aleine eit politisk val vi som nasjon må ta. Slik konkurransen er utforma, med krav til verfta knytt til eigenkapital og å måtte garantere for skrogkapasitet, så stenger vi våre eige verft ute frå konkurransen.
Noko som er eit stort paradoks, då styrka i verftsnæringa er at den er desentralisert, effektiv og omstillingsdyktig.
Vi veit også at ein desentralisert produksjonskapasitet er kritisk i ein krigssituasjon for å halde både produksjon og reparasjon i drift over tid.
Ein ny plattform til Forsvaret fører til ei rekke kjeder knytt til logistikk, delar, vedlikehald og teknisk kompetanse, kjeder vi bør ha kontroll på sjølv. Evna til å bygge skrog heng tett saman med evna til å reparere, modifiser og halde fartøya operative over tid.
Pris er viktig, og industrien må vere konkurransedyktig, men investeringar i forsvarsevne krev at vi tenkjer lengre enn til fartøya er overlevert.
Industriell kapasitet
Canada, Storbritannia og Australia er nasjonar som har konkrete strategiar for å utvikle og bygge sine fartøy innanlands, denne planen held dei seg til, trass i at dei har hatt utfordringar og forseinkingar i sine program. Vi har verdas fremste verftsnæring når det kjem til å bygge og utruste avanserte fartøy. Vi har eit betre utgangspunkt enn andre nasjonar, men på byråkratisk vis risikerer vi å stenge oss sjølv ute frå å delta og plasserer verdiskapinga i utlandet.
Kostnadsmessig kan det truleg forsvarast å gjere det i utlandet, men for ein rik oljenasjon, med ei utsett plassering, bør ikke det vere det viktigaste argumentet. Det handlar til slutt ikkje om kva eit skrog kostar, det handlar om kva det kostar oss som nasjon å ikkje sikre evna til å gjere det sjølv.
Når staten brukar milliardar på å bygge nasjonal beredskap, kva industriell kapasitet ynskjer vi at Noreg skal sitje igjen med?
Vi har verfta. Vi har kompetansen. Vi har kapasiteten. No kjem staten med eit langsiktig program som kan gi norsk skipsbygging eit nytt industrielt fundament og sikre kritisk kapasitet.
Den moglegheita må vi gripe.
