På denne øya bur dei fleste fastbuande ute heile året
Når Hilde Buer lyttar til sauer, er det ikkje fyrst og fremst med øyrene.

Artikkelforfattar Siri Helle er agronom og forfattar. Bur i Holmedal i Sunnfjord.
Tru det eller ei: Sjølv om vi er på Værlandet, om lag så langt vest det er mogleg å kome i Noreg, og sjølv om Yr seier at det skal regne, så er det opphaldsvêr.
Sola stikk enno til innom. Men det har regna, bøttevis, i månadsvis, og det bles meir enn friskt, havet som er kring oss på alle kantar har kvite toppar på seg og verre skal det bli.
Landskapet er ope – nokre klettar er her og nokre tre, men det meste er hei, lynghei, for å vere meir nøyaktig og det skal vi kome attende til for det er heilt sentralt – men nett no er poenget at her er ikkje mykje livd verken for regn eller vind.
Setter du pris på Vestlendingen? Følg nyhetsbrevet vårt eller bli støttespiller her.
Likevel bur brorparten av dei fastbuande her på øya ute heile året. Ikkje menneske nei, men sauer som ikkje har fjøs: Kvar einaste dag går villsauene til Hilde Buer og Anders Braanaas ute i lyngheia.
Her vert lamma deira fødde på våren, her finn dei mat sjølve også på vinteren. Skal tru kva dei eigentleg tenkjer om tilveret sitt?
Er sauer dumme?
Kan vi finne det ut på nokon måte? Sauene seier ikkje noko der dei går småbeitande i det småkuperte landskapet, sauer syner ikkje ein gong smerte om dei kan unngå det for dei er byttedyr og vil ikkje syne svakheit. Sauer er litt dumme, har vi lært, dei er flokkdyr styrte av instinkt, ulldottar som finn seg i det meste utan å ha så mykje å kome med attende.

Hilde Buer kunne ikkje vore meir usamd. Ho har skrive boka Snakk med sauen – Ei handbok i sauekviskring og sauesignal. Ikkje fordi ho vil vi skal skjønne kor klok sauen er og dimed slutte å halde sau som produksjonsdyr, som ein kanskje skulle tru. Snarare tvert om: Buer meiner å lytte til produksjonsdyra våre og ta deira og våre eigne kjensler på alvor kan gje oss betre og ikkje minst mindre arbeidskrevjande produksjon.
– Ei viktig årsak til at eg ville skrive denne boka er at det no endeleg er vitskapleg prova – med to strek under – det vi eigentleg har visst i alle år: at dyr har kjensler, seier ho.
– All åtferd – også den vi kallar instinkt - byrjar med kjensler.
Tørre inst
Ei blanding av erfaring og vitskapsbasert kunnskap har sendt ho hit ho er no: som eigar og forvaltar av kring 300 sauer som, er ho heilt sikker på, har det best når dei får vere ute heile året – også i grisevêr.
– Berre kring ein prosent av alle sauer i verda er skapte for å vere i eit kaldt, arktisk klima, fortel Hilde Buer, og held fram:
– Av dei igjen, er det berre nokre få som klarar seg når det både er kaldt og vått. Dei gamalnorske sauene er blant dei, seier ho og ser leiarsauen sin Lissi inn i auga.

Lissi ser attende. Avslappa og trygg gjev ho eigaren sin høve til å fortelje – og demonstrere – korleis villsauer har ein todelt pels: ei mjuk underull som held på varmen, og ei grøvre overull som vernar mot regn og blest. Sauene er overraskande tørre inst mot kroppen.
Så har dei også hatt nokre tusen år å tilpasse seg på. Dette er den einaste sauerasen som har aner direkte attende til dei fyrste sauene som kom til Noreg for meir enn 5000 år sidan.
Dyr utan fjøs – industri utan fabrikk
Kan dette ha vore Vestlandets fyrste industri? Nei, her er ingen fabrikk og har aldri vore det heller, men om vi ser på industri som tilarbeiding av råstoff og råstoffet som natur, så det ingen tvil om at villsauen og mennesket har halde på ei stund.
Dette karrige, trelause, lyngdekte landskapet er nemleg ikkje vill natur. Det er kulturlandskap, skapt og forma fordi det høvde oss menneske: Kystlyngheia var nyttigare for oss enn skogen. Ved å svi av – ja, sette fyr på - heia, vart beita rikare. Sauene beita og haldt skogen vidare nede samstundes som han gav formødrene og -fedrene våre kjøt, skinn og ull. Lyngbrenning og beite gav eit økosystem som høvde også for ville fuglar, planter og insekt.
I dag er kystlyngheia og forvaltninga av ho definert som ein sterkt truga verdifull naturtype.
Sauen som så vidt vart berga
Nokre driv slik framleis – men ikkje mange nok. Det gjekk nemleg med den gamalnorske sauen som det ofte gjorde med norsk industri: han vart for liten. Sett på som for ineffektiv, for dyr.
Berre nokre entusiaster i Austevoll nekta å gje opp. Selbjørg Villsaulag vart stifta i 1956 og berga dyrematerialet. Nokre tiår seinare Hilde Buer gjorde rasen og driftsforma kjent for den jamne vestlending gjennom Villsauboka (2011).

– Det er nesten utruleg kor ein suksess den boka vart, seier Buer, der ho tuslar kring i kjøkkenet sitt og har heilt rett: At ei bruksbok om korleis ein forvaltar ein sau skulle ende nærast i kultstatus, er ikkje sjølvsagt akkurat, men slik har det gått.
– Vi har trykt boka oppatt fire gonger og ho sel framleis, femten år etter ho kom ut fyrste gongen.
Med eitt hadde Hilde Buer eit namn. Det har ho, i stor grad, gjeve til villsauen – og hans rett til å gå ute heile året.
Frå karrierekvinne til sauebonde utan fjøs
Hilde Buer har ikkje alltid vore sauebonde. Ho er utdanna sivilagronom, og dreiv aktiv karriere i landbruksnoreg i mange år før ho, av ymse årsaker, hamna på ei veg- og rutebåtlaus øy og såg 135 galne villsaulam nærast fly i land frå dekket på transportbåten. På nokre minutt hadde dei spreidd seg over heile øya.
– Heldigvis hadde vi gjort jobben med gode gjerder før sauene kom. Og vi fekk dei tamme i løpet av hausten, fortel Buer.

Tamme, ja. Namnet villsau er nesten litt misvisande – for sauene til Hilde kjem springande mot ho, og etter ikkje mange minutt badar vi begge i ulldottar som vil ha kos, kraftfôr og merksemd. Kvar haust temmer Hilde og Anders alle lamma dei skal behalde – med dei same verkemidla: kraftfôr, kos og merksemd.
– Vi bruker i snitt tre minutt på kvart vêrlam. Søyene er litt striare, dei tek seks minutt, seier ho med eitt smil.
Mykje av løyndommen til denne effektiviseringa har ho funne i å lære seg språket til sauene. Dei små teikna – øyre, hovud- og kroppsstilling, hale, blikk – må ein kunne, men mykje handlar og om å vere open for at sauene kan ville seie deg ting. Å lære seg å lese kjenslene deira – og gje dei sine eigne kjensler attende.
– Kjensler har i alt for mange år vore ein flau ting blant bønder, fortel Buer, som i mange år har jobba for meieri husdyrkontroll og har besøkt tusenvis av bønder.
– Sjølvsagt har bønder alltid visst at dyra deira har kjensler, og sjølvsagt har dei hatt kjensler for dyra attende. Men det er noko ein ikkje snakka høgt om, noko som ikkje får plass i jaget etter høg yting og effektiv produksjon. Det er utruleg synd.
Vinterfôr
Det har ikkje vore – og er ikkje – nødvendigvis så lett å få aksept for driftsforma i resten av jordbruket. Ein dyktig bonde er ein som jobbar hardt og mykje, har store bygningar og dyre maskiner. Hilde Buer har ein liten traktor og eit ope grindbygg. Når ho også jobbar hardt og mykje er det ute, med sauene. Å kunne drive som ho gjer har mellom anna krevd over 14 kilometer med permanente gjerde og rydding av store mengder sitkagran. Til dagleg er tilsynet det viktigaste: timesvis med kjærleik til saueflokkane sine. Ho meiner det produserer minst like bra.
– Eg hadde ei søye i fjor – ho vog førti kilo sjølv på hausten, men hadde produsert to lam på til saman 58 kilo. Og det berre på lynghei og strandenger, seier ho, synleg stolt.

Strandenger inneheld mellom anna tang – ei råvare som for tida er nokså trendy som menneskemat, men som sauer har brukt i tusenår. Sauer kan ete seg feite på tang.
Lyng er også eit spesielt fôrmiddel. Det er ikkje særleg næringstett, men har den fordelen at den næringen han har, beheld han gjennom heile vinteren. Dette veit villsauen, som gjennom lyng frå heia og tang i fjæra klarer å finne maten sin sjølv året gjennom. At han er liten, hjelp han å overleve. For bonden tyder det at ho slepp å slå vinterfôr, noko som igjen gjer at ho sparer både bygningsmasse og maskinpark.
– Når det er sagt, ventar eg ikkje at alle driv akkurat slik. Gamalnorsk sau i kystlynghei høver i dette landskapet, ikkje i innlandsfjell. Det som betyr noko for meg, er at sauene har det bra. Jordbrukssystemet vårt legg i for stor grad eit for stort produksjonspress på dyra, og det fører til dårleg dyrevelferd. Det må ikkje vere slik. Eg kjenner mange sauebønder som driv stort og har god dyrevelferd samstundes, legg ho til.
Og det er nok også eit viktig poeng. Villsauer og kystlyngheier er jo per definisjon ikkje for alle – dei heng saman, og kan ikkje flyttast frå kysten dei bur på. Kor triveleg det er med sau som kan fortelje korleis dei har det, kan vi likevel alle ta med oss.
Setter du pris på Vestlendingen? Følg nyhetsbrevet vårt eller bli støttespiller her.
