Loading

Sokkeldirektoratet varslar fall i produksjonen av olje og gass etter 2030. Direktøren har liten tru på nye storfunn.
Nyleg la Sokkeldirektoratet fram Ressursrapport 2026, som skildrar moglegheita på norsk sokkel fram mot 2050. Det er eit stort spenn mellom det høge og låge scenarioet. Me har snakka med sokkeldirektør Torgeir Stordal om kva som forklarer tala.
I rapporten blir det presentert tre ulike moglegheitsbilete. Kva tal er desse moglegheitsbileta basert på?
Kurvene er både baserte på innrapportering frå selskapa, og våre eigne data som går litt meir fram i tid. Så er det også basert på antakelsar om kva funn som blir utvikla når og kor mykje leiteaktivitet ein har. Den midtre kurva, forventningskurva, har me alltid laga og den blir jo blant anna nytta av Finansdepartementet for å lage nasjonalbudsjett samt til å skrive perspektivmeldinga.
Men det betyr ikkje at det er akkurat slik det blir fordi det er jo avhengig av dei ulike føresetnadane ein gir. Det er fleire ting som påverkar framtidig produksjon, som for eksempel rammevilkår. Vil politikarane at me skal halde fram med leiteverksemd? Vil dei lyse ut nye areal som næringa får anledning til å jobbe med? Vil rammevilkåra forbli dei same, strammast inn eller bli betre?
I tillegg har teknologi vist seg å vere ekstremt viktig for norsk sokkel. Så dersom ein får ein innovativ utvikling her, vil det bidra til å løfte produksjonen mot det høge moglegheitsbiletet.

Oljeprisen kan endre seg, europeisk gassetterspurnad kan endre seg. Korleis speler andre faktorar utanfor vår kontroll inn i scenarioa?
I avgrensa grad trur me. Dersom ein ser på dei prosjekta som blir investert i på norsk sokkel, så er dei såpass robuste at oljeprisen treng berre å halde noko over 40 dollar for at desse skal vere ganske lønnsomme alle saman. Det me har er ein portefølje av prosjekt som er lønsame trass låge oljeprisar.
Når det gjeld gassetterspurnaden, så kan ein sjå i analysane som er gjort av gassetterspurnaden i EU at me ikkje er i nærleiken av å klare å levere det EU treng fram mot 2050. Det som politikarane og departementet seier til oss, er at norsk sokkel er ressursavgrensa heller enn marknadsavgrensa. Me har altså for lite ressursar til å dekke det marknaden kjem til å etterspørre.
Er det høge scenarioet ein fysisk maks for kor stor produksjonen kan vere? Forutsetter det ein veldig høg oljepris for at det skal vere lønsamt?
Absolutt ikkje. Gjer ein store funn kan ein absolutt halde fram med å produsere på eit mykje høgare nivå. Me prøver berre å teikne eit litt meir realistisk bilete, men det er absolutt ikkje ein fysisk maks.
Så det er meir eit anslag på kor høgt realistisk sett går
Det som er spesielt no er at i dei siste åra har ein ikkje gjort nokon store funn. Det blei gjort store funn rundt 2009 til 2012, som jo var Johan Castberg og Johan Sverdrup i Nordsjøen. Dei er jo no i produksjon og bidreg til at me framleis er på eit platå no. Når me kjem fram mot 2030 går me sannsynlegvis av det platået uansett
Sjølv om ein skulle gjere eit stort funn i morgon, tar det jo uansett tre til åtte år før det er i produksjon. Kor bratt fallet i produksjon blir etter det, er i stor grad avhengig av kva ein gjer, kva funn ein gjer, om ein investerer vidare i eksisterande funn og om ein fortset å investere i dei felta me har.
Det førre store funnet var Johan Sverdrup, noko næringa har nytt godt av dei siste åra. Kva er sjansane for at me skal gjere fleire slike nye funn?
Dei er ikkje veldig store. Ein må hugse at Johan Sverdrup er eit kjempestort funn, eit funn i verdsklasse. Det er eit funn som liknar dei store som blei gjort på 70- og 80-talet, som Statfjord, Oseberg og Troll. Det er ein type funn ein veldig sjeldan gjer, så sjansane for å gjere eit slikt funn er ikkje så stor.
Likevel kan ein gjere mange gode funn som er langt mindre enn Sverdrup. Gjer ein fleire av dei, kan ein framleis ha eit godt produksjonsnivå i mange år framover.

Kor mykje leitast det i dag?
Leiteaktiviteten på norsk sokkel er ganske høg. Dei siste ti åra har det blitt bora mellom tretti og femti leitebrønnar i året, som er ganske mykje til moden sokkel å vere. Ser ein til Storbritannia var det null leitebrønnar i fjor, så leiteaktiviteten er høg for ein sokkel som har hatt aktivitet i seksti år.
Der det har vorte leita mest er rundt den eksisterande infrastrukturen vår, der det er blitt gjort ein del mindre funn. Ved å koble desse funna opp til eksisterande infrastruktur ved å legge botnrammer på havbotnen, gjer det at ein kan bygge ut desse funna ganske rimeleg og gjer at ein får god økonomi sjølv i dei små funna.
Verdiskapinga har difor vore stor fordi ein har gjort mange små funn, men skal ein gjere nye store funn må ein nok leite meir i dei mindre utforska områda.
I eit høgt scenario, kor mykje av dette avhenger av å opne Barentshavet?
Ingenting avhenger av å opne nye områder, våre scenario er basert på det som er opna i dag. Likevel, hvis ein opnar nye område og gjer funn der, er jo sjansen høgare for eit høgt scenario enn ellers.
Wisting-feltet er den neste store utbyggingen leverandørindustrien håpar på, men bransjen er ikkje sikker på lønnsomheten. Er det grunn til å tru at Barentshavet vil bli ei ny gullgruve for oss?
Barentshavet er jo veldig lite utforska i forhold til Nordsjøen og Norskehavet. På Wisting-feltet jobbar rettigheitshavarane med ei utbyggingsløysing, så får ein sjå om dei bestemmer seg for å bygge ut, og det vil skje i løpet av dei næraste åra.
Kva veit me om olje- og gassreservene der oppe? Kor stort er potensialet?
Me meiner at det største potensialet ligg i det som ikkje er funne enno, og om ein skal realisere det så må me leite meir. Det potensialet som er funne der til no er ikkje så stort, men av dei er Wisting-feltet det største. Det ligg også ein del gassfunn der oppe som ikkje er bygd ut på grunn av manglande gassinfrastruktur-kapasitet, men det er ikkje nok til å byggje ut ny infrastruktur. Så meir leiting, og fleire nye gassfunn der oppe vil jo hjelpe.
Er høg aktivitet avhengig av at det blir lagt ny infrastruktur, gassrøyr frå nord til Europa?
Det er avhengig av at det blir eksportmoglegheiter for gass. Om det anten er røyr, byggjing av eit LNG-anlegg eller om ein utvidar Melkøya har me ikkje tatt stilling til, men det er avhengig av at me får eksportert gassen derifrå.
Så det er behov for meir infrastruktur der oppe?
Absolutt.

Kva vil dei ulike scenarioene bety for sysselsetting i olje- og gassnæringen?
Det er ikkje noko me har mandat til å jobbe med, men det er klart at denne industrien generer høg aktivitet. Ein ser det på kor stor aktivitet det har vore på verfta dei siste åra, og at bygging av plattformar for eksempel sysselset mange lokalt der det skjer. Det er jo klart at dette er ein bransje som sysselsetter.
Ein bransje som sysselset rundt 200 000 menneskjer vil jo bli påverka om ein hamnar i det låge scenarioet. Det vil nok resultere i ein gradvis nedgang dersom ein hamnar i det låge scenarioet men det har ikkje me nokre tal på, men det er opplagd at sysselsettinga vil bli påverka av kva scenario me hamnar i.
Kva av dei tre scenarioa meiner dere er mest realistisk?
Me legg ingen føringar på kva som er mest realistisk, men spør du meg er alle kurvane feil. Personleg trur eg me hamnar ein plass mellom det høge og det låge scenarioet.
Analysen strekker seg til 2050. Korleis ser bilete ut etter 2050?
Ja, kva trur du? Me har ikkje laga noko profil lenger fram enn 2050 fordi usikkerheita er så stor. Du kan jo sjå det på avstanden mellom den låge og høge kurva. Det kan jo hende at produksjonen er på null allereie i 2050, så lengre fram i tid enn det veit eg ikkje noko om. Eg trur heller ikkje det er nokon som vågar å spå så langt fram i tid.
Artikkelforfatter Emil Steinsbø er praktikant i Initiativ Vest og studerer sammenlignende politikk ved Universitetet i Bergen.