Politiutdanning i Vestland må inn i statsbudsjettet
Bemanningskrisa for politiet i vest veks. No må regjeringa handla.

Gunnar Yttri er rektor ved Høgskulen på Vestlandet.
Eit samrøystes Vestland fylkesting krev etablering av politiutdanning i Vestland. Veksande beredskapsutfordringar og bemanningskrise i Vest politidistrikt er grunnlag for kravet. Men justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen vil ikkje vurdera ny desentralisert politiutdanning før i 2028.
Politiutdanning i Vestland må no løftast inn i drøftingane om statsbudsjettet for 2027.
Den avventande haldninga til statsråden svarar lite ut dagsaktuelle og prekære behov i Vestland fylke. Statsforvaltaren og fylkeskommunen melder om ein skjerpa tryggleikssituasjon der ekstremvêr og trugsmål mot digital og fysisk infrastruktur gjer seg gjeldande. Bemanningskrisa for politiet er hausten 2026 ytterlegare forverra.
Særleg Sogn og Fjordane manglar politifolk. Det er tale om store geografiske område som ikkje er særleg folkerike, men som spelar viktige rollar i høve til norsk industriell verdiskaping, eksport og kraftproduksjon – og forsyning. Den internasjonale turismen er stor og i sterk vekst i dei same områda.
Treng raske tiltak
Helge André Njåstad (FrP) stilte i oktober spørsmål til justis- og beredskapsministeren i Stortinget om regjeringa vil etablera ei desentralisert politiutdanning i Sogndal for å styrka rekrutteringa til politiet på Vestlandet og bidra til betre beredskap i regionen.
I justis- og beredskapsministeren sitt svar er det gitt tre grunnar til å venta med ei desentralisert utbygging. Lat oss byrja med dei to første.
Det eine er at det sokalla politirolleutvalet skal koma med si utgreiing i februar 2027, ei utgreiing det er venta skal vurdera rekruttering og kompetanseutvikling i politiet. Det andre at Politidirektoratet hausten 2027 skal koma med ei utgreiing om mogleg flytting av Politihøgskolen i Oslo.
Båe dei to sentrale utgreiingane vil venteleg leggja viktig grunnlag for framtidig norsk politiutdanning. Men gitt dei dagsaktuelle behova i Vestland fylke, må ein køyra parallelle prosessar: Det sentrale utgreiingsarbeidet må gå sin gang og slik leggja varig fundament for framtidas politiutdanning. Samstundes fordrar situasjonen i Vestland fylke raske og tydelege tiltak som gir grunnlag for både optimisme og reell forbetring på kort sikt.
Byggjer på nord-norsk modell
Den tredje grunnen til å venta med ei politiutdanning i Vestland er at statsråden vil hausta erfaringar frå politiutdanninga i Alta, erfaringar som først vil liggja føre i 2028. Forsøket med politiutdanning i Alta i regi av Politihøgskolen vart etablert i 2025 i regi av Politihøgskolen og med UiT Norges arktiske universitet som vertskap. Alta-modellen er ei desentralisert forsøksordning med mål å om å styrka rekruttering av politi til distrikta i Nord-Noreg.
Det er Alta-modellen Vestland fylkesting ønskjer for ei politiutdanning i Vestland, og det er også Alta-modellen som låg til grunn for stortingsrepresentant Njåstad sitt spørsmål om å etablera politiutdanning i Sogndal.
Men er det verkeleg grunn til, slik statsråd Aas-Hansen seier, å venta heilt til 2028 på ei evaluering av Alta-modellen før ein eventuelt byggjer ut i Vestland?
Dei blir der dei studerar
I Høgskulen på Vestlandet veit me mykje om kva lokalisering av utdanning har å seia for rekruttering til arbeidslivet. Gjennom fleire tiår er det solid dokumentert at kvar kandidatane er utdanna langt på veg er bestemmande for kvar dei arbeider. Me ser det til dømes tydeleg i utdanninga av sjukepleiarar, lærarar og ingeniørar. Mellom 70 og 80 prosent av kandidatane frå Høgskulen på Vestlandet går ut i og formar arbeidslivet på Vestlandet.
Det ligg nær å tru at liknande samsvar mellom utdanningsstad og arbeidsstad vil gjera seg gjeldande for ei politiutdanning på Vestlandet. Nasjonalt ser me at den norske etableringsfasen, det vil seia kvar unge menneske skapar seg eit liv og arbeidsliv, i vår tid er mykje knytt til kvar dei unge tek høgare utdanning. Det er slike innsikter som gir grunnlag for å ha geografisk spreidde campus.
I ein situasjon der beredskap og samfunnstryggleik må ha høg prioritet, har Høgskulen på Vestlandet tilbydd seg å vera vertskap for ei politiutdanning i Vestland. Me tilbyr moderne campus og infrastruktur, sterke utdannings- og forskingsmiljø, og levande og mangfaldige studentmiljø.
Pengane må på plass i 2027
Kvaliteten i norsk politiutdanning kan ingen ta lett på. Det er då viktig å vera merksam på at det Politihøgskolen som har ansvar for å utdanna, kursa og vidareutvikla personell til politiet. Det er slik Politihøgskolen som må ha tilført tilstrekkelege ressursar om ei desentralisert utdanning i Vestland skal få god framdrift. I statsbudsjettet for 2027 må det i tilfelle koma inn prosjekterings- og etableringsmidlar for å førebu oppstart av politiutdanning i Vestland med oppstart hausten 2028. Høgskulen på Vestlandet med campus og vertskapsrolle kan styrka grunnlag for etablering, men det er Politihøgskolen som har ansvaret.
Beredskapsutfordringane, bemanningskrisa i politiet og det tverrpolitiske kravet frå Vestland fylkesting er sterke signal som må vega tungt i prioriteringane i statsbudsjettet for 2027. I dag tilbyr Politihøgskolen politiutdanning i Oslo, Stavern, Bodø og i Alta. Det tek tid å utdanna dugande politifolk. Situasjonen tilseier at ein må koma i gang på Vestlandet.
«Venta og sjå-tilnærminga» passar dårleg inn i Totalforsvaråret 2026.
