Datasenter er ikkje problemet. Problemet er mangel på kraft.
Datakraft er ei vare, på lik linje med aluminium. Vi foredlar energi til noko andre vil kjøpe, skriv Andreas Fonn Macsik.

Andreas Fonn Macsik er dagleg leiar i Nytta AS, som jobber for å utvikle Fjaler.
Frå Forus til Masfjorden, frå Moskog til Vaksdal blir det no stilt eit ja eller nei til datasenter, og argumentet som oftast blir brukt er straumprisen. Eg meiner den diskusjonen fører oss inn i ei blindgate. Ikkje fordi uroa er ubegrunna, men fordi ho stiller spørsmålet på ein måte som gjer at vi aldri kjem til det som verkeleg avgjer framtida på Vestlandet.
Artikkelforfattaren har tidlegare skrive om same tema i avisa Firda.
Historia vår er historia om kraft
Då vasskrafta blei bygd ut i første halvdel av førre hundreår, gjekk ikkje straumen først og fremst til hushalda. Han gjekk til industrien. I tiåret mellom 1930 og 1940 gjekk halvparten av heile Noregs strømforbruk til kraftintensiv industri, ifølgje SSB. Hushald og jordbruk brukte til saman ein firedel. Det blei ikkje sett på som eit problem. Det var føresetnaden for Høyanger, Årdal, Odda, Sauda og Tyssedal. Heile lokalsamfunn voks fram fordi nokon fekk bruke enormt mykje straum til å lage noko dei kunne selje ut av landet.
Sett opp mot dette er dagens tal nøkterne. NVE reknar med at datasenter i Noreg brukte om lag 3,3 TWh straum i 2025, kring 2 prosent av det totale forbruket. Den industrien som bygde vestlandssamfunna våre, brukte altså ein langt større del av krafta enn datasentera gjer i dag.
Tilgangen på kraft avgjer
No står vi framfor ei ny omstilling. Oljeverksemda skal gradvis reduserast, og verdiskapinga på Vestlandet må komme frå andre næringar. Batteriproduksjon, hydrogen, ammoniakk, elektrifisering av eksisterande prosessindustri og ja, datasenter, har alle til felles at dei krev store mengder kraft.
Historia gir oss ikkje berre eit bakteppe her, den gir oss oppskrifta.
Ingen industrieventyr i dette landet har starta med at vi hadde for lite energi.
Og det er her alvoret ligg. Det er ikkje festtalar eller strategidokument som avgjer kvar ny industri etablerer seg. Det er tilgangen på kraft til ein pris som er konkurransedyktig. Leverer vi ikkje på det, etablerer verksemdene seg i land som gjer det. NHO sin rapport «Veien til vekst» slår fast at Noreg har mista leiarposisjonen på fleire nøkkelområde, og OECD peikar på svekka produktivitetsvekst og tilrår mellom anna å redusere dei regulatoriske byrdene for fysisk infrastruktur. Vi har med andre ord ikkje tid til å bruke åra framover på å diskutere om vi vil ha den eine eller andre typen kraftkrevjande verksemd.
Vi bør flytte diskusjonen
For datakraft er ei vare, på lik linje med aluminium. Vi foredlar energi til noko andre vil kjøpe. Ingen har hevda at utanlandske kundar som kjøper norsk aluminium, tømmer vassmagasina våre. At kunden i det eine tilfellet får ein metallbarre og i det andre ei teneste, endrar ikkje logikken. Det endrar heller ikkje kva som er den avgrensande faktoren, nemleg kor mykje kraft vi faktisk produserer.
Difor bør vi flytte heile diskusjonen. Spørsmålet er ikkje om vi skal ha datasenter. Spørsmålet er korleis vi får produsert nok energi på Vestlandet til at omstillinga i det heile er mogleg.
Treng utgreiingsplikt
Der kom det gode nyheiter i sommar. Fredag 7. august la regjeringa fram dei mest omfattande tiltaka for raskare kraft- og nettutbygging på mange år, med mål om å halvere tida det tek å byggje ut straumnettet. Statsforvaltaren mister retten til å stanse nettanlegg, NVE får ein frist på to år for sakshandsaminga, og kommunar som seier ja til vindkraft skal få inntekter alt frå byggestart i staden for å måtte vente til anlegget er i drift. Dette er rett medisin.
Men eitt grep manglar. Kommunane bør få ei utgreiingsplikt når nokon vil byggje ut ny kraftproduksjon. I dag kan initiativ bli stoppa før konsekvensane er kjende, og då blir vedtaka prinsipielle heller enn realitetsorienterte.
Å byggje ned natur er ein reell kostnad som skal vegast tungt. Men nettopp difor må avveginga skje på eit faktagrunnlag.
Er dei negative konsekvensane for store, kjem det tydeleg fram i utgreiinga, og då er eit nei både velgrunna og lett å forsvare. Eit nei som blir fatta før nokon har rekna på det, er noko anna.
Vestlandet har bygd industrisamfunn på kraft før. Vi kan gjere det igjen. Men då må vi slutte å krangle om kven som skal få bruke den krafta vi har, og begynne å byggje meir av henne.
