Loading

Er dette det rette tidspunktet, spør Olav Øyehaug Opsvik.
Olav Øyehaug Opsvik er direktør ved Nynorsk kultursentrum og spaltist i Vestlendingen.
BAdesken kan vente seg eit godt 2027. Noregs kulaste «frenemies», Ørsta og Volda, Kommune-Noregs svar på Ross og Rachel, skal prøve seg igjen.
Det er ti år sidan eit svært tydeleg nei frå folket i begge kommunane. I Volda sa 69 prosent nei, i Ørsta 62.
Eg er oppvaksen i Ørsta sentrum. Frå om lag ungdomsskulealder og til eg flytta ut for å studere var det heilt naturleg samhandling mellom ungdommar i begge bygdene – som eitt samansveisa samfunn. Det er jo berre 10-12 minutt å køyre mellom sentrumsområda.
Likevel blir også det kulturelle skiljet mellom dei to bygdene tydeleg frå ein skal ta til på vidaregåande utdanning. Dei med studiespesialisering, media og kommunikasjon og musikk går i Volda, medan yrkesfag som bygg- og anleggsteknikk, elektro, helse- og oppvekst er i Ørsta.
Dette skiljet manifesterer seg vidare i arbeidsmarknaden og næringsstrukturen. Volda er prega av statlege arbeidsplassar på sjukehuset og høgskulen, medan Ørsta har landbruk, industri og næringsliv.
Men nettopp denne kombinasjonen kan gjere Ørsta og Volda samla til ein sterk maktfaktor i Møre og Romsdal. Saman er dei ein ganske samansveisa arbeidsmarknad, med sterk kultur og rik historie og 22 000 innbyggarar.Mange har omtala kommunane som «den fjerde byen».
Der er ørten gode argument for å slå saman desse kommunane. Førre gong det var folkerøysting hadde eg ikkje stemmerett, sidan eg var busett i hovudstaden. No kan eg få ny sjanse, men eg veit verkeleg ikkje om eg vil ha det. Eller iallfall ikkje nett no.
I tittelen til den interessante podkast-episoden om problemstillinga spør Vestlendingen om Ørsta og Volda no er for fattige til å stå åleine.
Eg lurer veldig på om det kan bli eit lukkeleg ekteskap mellom to partar som er så utruleg blakke.
Budsjettframlegga for 2027 frå kommunedirektørane i begge kommunane er brutale. Det går særleg hardt utover skule- og kulturtilbod. Eg skal ikkje uttale meg her om direktørane sine vurderingar. Dei står i ein krevjande situasjon. Men det er i alle høve alvorleg for kor attraktive bygder vi får.
Gjelda og rentekostnadane er svært høg i begge kommunane. Der er svært krevjande og alvorlege saker om nedlegging av skuletrinn, omsorgstenester og anna som pågår i fleire bygder og grender i begge kommunane.
Det blir mange fakkeltog i åra som kjem.
Setter du pris på Vestlendingen? .
Og denne veka kom rapporten frå Telemarksforsking om samarbeid og eventuell samanslåing. Den ga ikkje noko tydeleg signal om at der er mykje å hente økonomisk på samanslåing. Dei krevjande prosessane som allereie går, må med andre ord takast vidare uansett.
var det ikkje økonomien, men sentrum-periferi-konflikten som felte avtalen i førre omgang.
Det Sørheim kan vere heilt sikker på, er at denne dimensjonen blir mykje tydelegare no. Kommunane må uansett gjere drastiske grep, og dei blir tydelegare i ein eventuell samanslåingsprosess.
Plutseleg er ikkje det berre Vartdal og Sæbø, eller Dalsfjord og Folkestad, mot sentrum. Det blir Vartdal mot Folkestad, og Sæbø mot Dalsfjorden. Og sjølvsagt alle desse mot sentrum, og dei to sentrumsområda mot kvarandre
Det er kanskje berre ti minutt mellom Ørsta og Volda sentrum. Men det er ni mil mellom Kjøs, Volda si kommunegrense mot Stryn i sør, og Festøya, som blir det nordlegaste punktet i Ørsta.

Så kva skal eg stemme neste år, om det blir ei folkerøysting? Sidan førre gong har livet mitt endra seg. Eg har flytta heim, og eg har to barn. Då blir det fort til at eg tenkjer på oppvekstvilkåra deira. Utover 77 millionar i tilskot, som ikkje er enormt, men heller ikkje ubetydeleg, er det ikkje lovnad om store gevinstar ved ei samanslåing.
Eg er rett og slett usikker på om dei to administrasjonane, kommunestyra, og lokaldemokratiet som heilskap, har kapasitet til å handtere ein slik prosess samstundes som vi skal gjennom så krevjande saker som kjem no. Kanskje er ikkje dette tidspunktet det mest strategiske for dei som er tilhengarar av samanslåing heller?
Som ein langvarig tilhengar av samanslåing veit eg ikkje korleis det eventuelt skal «seljast inn» til veljarane, som elles er bekymra for lærartettleik og pleietrengande eldre. Dersom fleirtalet stemmer mot denne gongen, vil eg tru det må bli meir enn ti år til neste gong diskusjonen blussar opp igjen.
I alle høve kan både Møre-Nytt, Møre, Vestlendingen og BAdesken gle seg til framhaldet.