Elegi frå bygda
Det som ikkje er lovpålagt, forsvinn først. Men det er dei tiltaka som skaper utvikling.

Andreas Fonn Macsik er dagleg leiar i Nytta AS i Fjaler.
«Vestlandet er inntektssida til statsbudsjettet», sa fylkesordførar Jon Askeland på samarbeidskonferansen i Bergen nyleg. Då er det eit paradoks at lokalsamfunna som skaper verdiane, blir behandla som ein utgiftspost.
Ja, demografien endrar seg.
Men når staten ikkje dekker rekninga for omstillinga, blir omstillinga ei avvikling av distrikta, eitt lite kutt om gongen.
«Oi, no blir vi mange gamle. Skitt. Vi må stenge ned distriktet. Altfor dyrt!» Ingen seier det slik. Men her ute, der det ikkje finst tog eller kattekafe, kan det høyrest slik ut.
Eldrebølgja er her
Talet på over 80-åringar blir meir enn dobla fram mot 2050, ifølge SSB. Det krev omstilling, og omstilling kostar.
Samstundes gjekk ein av tre kommunar med underskot i 2025. Kvar fjerde kommune har no gjeld som er større enn inntektene for eit heilt år, mot kvar åttande for ti år sidan. Regjeringa foreslår 3,2 milliardar kroner meir til kommunar og fylkeskommunar i 2027. Mesteparten går til eldrebølgja.
Då står det att ein halv milliard til alt anna. Om lag 90 kroner per innbyggar. Svarande til eit par liter diesel.
Negativ spiral
Eg har jobba med utvikling (les: avvikling) i kommunen og kjenner mønsteret.
Det som ikkje er lovpålagt, forsvinn først, og det er nettopp det som skaper utvikling: nye bustadfelt, leilegheiter med livsløpsstandard, næringsareal, infrastruktur og skular og barnehagar som gir litt meir enn lovkrava. Målt mot inntektene investerer kommunane no mindre enn noko år sidan 2014. I mange distriktskommunar kostar det dessutan meir å bygge ein ny bustad enn han kan seljast for.
Då bygger ikkje marknaden, og kommunen har ikkje råd til å gå føre.
Utan bustader og næringsareal kjem det færre tilflyttarar, og resultatet blir lågare inntekter og eit endå strammare budsjett året etter.
Forbanna drit
Og grender som har alt å vinne på å bygge kvarandre opp, må kjempe side om side, men kvar for seg, for å behalde tenestene sine. Slik kveler pengemangel og gjeld framtidstru, bulyst og til slutt engasjementet i lokaldemokratiet.
Det er noko forbanna drit å vere lokalpolitikar når skular og barnehagar skal leggast ned.
Dette handlar ikkje om by mot land, men om kvar verdiane blir skapte. Vestland eksporterte for 235 milliardar kroner utanom olje og gass i 2024, meir enn noko anna fylke, og Menon Economics peikar på at distriktskommunane har høgast eksport per sysselsett.
Vestland produserer òg om lag ein fjerdedel av norsk vasskraft. Krafta, fisken, maten og mykje av industrien blir til i fjordar og dalar.
Verda er uroleg. Beredskap er ikkje berre soldatar og lager. Det er folk som bur der maten blir produsert, krafta blir laga og hamnene ligg. Noreg er berre om lag 43 prosent sjølvforsynt med mat. Kommunane skal vere førstelinje i totalberedskapen, men pengane følgjer ikkje med.
Tre tiltak
Difor treng vi tre ting.
For det første må kommunane få tid og råd til å flytte pengar frå sektorar med færre brukarar til sektorar med fleire. Staten må ta ein større del av meirkostnadene og sette inn avbøtande tiltak, slik at omstillinga ikkje raserer gode tilbod til barn og unge. Tempoet må ned.
For det andre må staten dele risikoen når distriktskommunar investerer i bustader, næringsareal og det som trengst for langt fleire eldre.
Og for det tredje må omstillinga ha som mål at fleire skal kunne bu i heile landet.
Ein kommune kan ikkje spare seg til vekst. Eit land som tømmer stadene der maten, krafta og eksportverdiane blir skapte, får ikkje berre eit distriktsproblem.
Det svekker både nasjonal verdiskaping og beredskap.
