Loading

No kjem Frode Gryttens ur-vestlandske romankarakter på scena. Eg vil vere meir som skyssmannen Nils Vik.
Katrine Sele er forfattar og kommunikasjonsrådgjevar, busett i Sunnfjord.
Dei siste åra har eg sett med ei blanding av skrekk og fascinasjon på den vestlandske mannen, slik han framstår på scena og i litteraturen.
Som oftast er han dyster og motstraums, eller sterkt opprørsk. Vanlegvis lir han i stillheit og har ikkje heilt ord for det han føler eller ønsker seg. Han kan også vere lystig, men då på ein ganske vill og sjølvdestruktiv måte.
For tre år sidan såg vi Tollak frå Tore Renbergs “Tollak til Ingeborg” på Teater Vestland. Han var gjenstridig og fåmælt, tolte ikkje den moderne tida, og enda som drapsmann. Mykje på grunn av mangelen hans på ord og fleksibilitet, trur eg. I fjor kom dei to villstyringane frå Erlend O. Nødtvedts Vestlandet på scena. I sin misjon med å føre hovudskallen til bondeopprøraren Anders Lysne tilbake til sin rette plass (Lærdal), var dei konstant fulle og kom på villspor. Alt gjekk heile tida gale eller nesten gale for dei.

Annleis er det med Nils Vik. Tanken på å sjå han på scena no snart, gir roleg glede! Han er eit forbilde for meg. Faktisk vil eg vere som han.
Alt du trenger å gjøre er å legge inn e-posten din, så vil du få tilgang.
Ved å legge igjen e-posten, så godtar du personvernerklæringen vår.