Kommuneguruane viser veg
Som lokale folkevalde kan vi spørje om guruane har tenkt litt mykje på våre vegner. Kva retning vil dei ha oss i?

Kristian Fuglseth Kristian er kommunestyrerepresentant for Folkelista for Hareid kommune. Han jobber som førstelektor på institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda.
Kommunane i Noreg har det ikkje berre bra. Økonomiske kutt går utover tenestene til innbyggjarane overalt. Fleire eldre treng tenester og for få ungdommar vert fagfolk.
Vi kan ikkje stå stille.
Men er løysinga å bestille konsulentrapportar og utgreiingar?
Guruane viser veg
I møte med desse utfordringane vert vi utsette for løysingar som ikkje nødvendigvis verkar. Løysingane blir presenterte frå Statsforvaltaren, innleigde konsulentar, tankesmier og til og med i KS sine kurs for folkevalde. Nokon med definisjonsmakt fortel kva veg vi må gå for å «sjå lyset».
Bodskapen byggjer på ei sjølvforsterkande tru på at løysinga finst ein annan stad, berre vi reformerer, slår saman og flyttar avgjerdene.
Dette fenomenet liknar på korleis andelege «guruar» opererer. Dei seier til dømes «følg meg ut i ørkenen», «sit i lotusstilling» eller «prøv visse pusteteknikkar».
Slankeguruane har også «kuren» klar. Smørbukk følgde etter helserådet om at appelsinar var slankande, men etter at han hadde fortært eit par kilo, var han tyngre enn då han starta.
Alle retningar går mot sør
Tenk deg at du står på Nordpolen. Så kjem nokon bort til deg og seier: «Eg veit vegen til Nordpolen, berre følg meg, så skal du få sjå lyset». Du trur at du manglar noko, så du vel å lytte og fylgje etter.
Du tek eit steg i den retninga rettleiaren peikar. Men den uunngåelege geografiske sanninga er at same kva retning du går frå Nordpolen, så går du sørover.
I det du trur du byrjar på vegen mot målet, tek du faktisk eit steg vekk frå løysinga.
Setter du pris på Vestlendingen? Følg nyhetsbrevet vårt eller bli støttespiller her.
Det er denne mekanismen som ligg under store delar av reformiveren, og har gjort det lenge. Folkevalde lokalpatriotar og kommunedirektørar vert fortalde at den einaste kuren er samanslåing og stordrift. Løysinga har vore ein veldig populær bedriftslogikk, trass i at løysinga verken effektiviserer eller gjev rimelegare varer og tenester på sikt. Endå mindre tyder på at det nyttar i offentleg organisering. Som regel gagnar den nokre få på toppen.
Nærleik
Eit mål for lokaldemokratiet må vere at innbyggjarane har tillit til tenestene, og at kommunen løyser oppgåvene nær dei som bur der. Nærleik er ikkje den einaste føresetnaden for gode tenester, men han har ein verdi som ikkje kan målast berre i storleik.
Prosessen rundt «Runde kommune» mellom Hareid, Ulstein, Vanylven, Sande og Herøy i 2015-17 er eitt av mange døme på dette. Då bygde intensjonsavtalen på ei tru om at «samordna innsats og større handlekraft» berre kunne oppstå gjennom ein ny, felles struktur. Ein definerte eit problem der svaret var at vi måtte gå ein annan stad for å løyse det. Men det var ikkje så enkelt.
Ålesund storkommune skapte så store avstandar at kommunen gjekk i oppløysing.
Ørsta-Volda havarerte på målstreken etter at Volda hadde forhandla vekk den lovde idrettshallen. Resultatet etter hestehandlane eit par år etter var at dei måtte til skjønnsnemnda om fallrettane etter at arvesølvet i Ørsta hadde vore lovd vekk til Volda. Argument om at dei var ein «felles arbeidsmarknad» og skulle ha «samordna innsats og større handlekraft» sprakk som trollet då realitetane og reformteoriane møtte «dagens lys».
Kva retning
Å stille spørsmål om ein må gå i den retninga sentraliseringskravet og guruane peikar, er ikkje det same som å stå stille. Tvert imot. Utfordringane blir ikkje løyste av å bytte ut kommunenamnet eller flytte avgjerdsmakta eit hakk lenger vekk frå innbyggjarane. Eller å opprette enno eit byråkratisk nivå. Kan politisk og administrativ forflytting til slutt også bidra til fråflytting?
Som lokale folkevalde kan vi spørje om guruane har tenkt litt mykje på våre vegner. Kva retning vil dei ha oss i?
Offentleg nyskaping handlar truleg meir om kva kommunane gjer, enn om kor store dei er. Interkommunalt samarbeid kan gje kapasitet på spesialiserte fagområde utan at den lokale medverknaden forsvinn.
Neste gong kommuneguruane peikar ut vegen, bør vi kanskje først sjekke om vi står nærare målet enn dei vil ha oss til å tru.
