Tenk om me alle framleis var Venstre-folk?
Vestlendingen bør finna attende til seg sjølv, og ta eit ansvar for den nasjonale utviklinga, skriv Peder Sjo Slettebø i dette essayet.

Peder Sjo Slettebø er tidlegare ordfører for Høgre i Kvinnherad.
Finst det ei vestlandsk offentlegheit? spurde Mathias Fischer i samband med lanseringa av Vestlendingen. Svaret gir seg eigentleg sjølv, for viss det var det, hadde initiativet neppe vore så naudsynt.
Eg hevda at det historisk har vore ei vestlandsk offentlegheit i Noreg. Denne forsvann samstundes som det gamle folkepartiet Venstre gjekk i oppløysing i starten av førre århundre.
Men først skal me utanriks, som dei seier i Dagsrevyen-studio i Oslo.
Danske Venstre sprekk
Folketingsvalet i Danmark i vår vart ein katastrofe for det danske Venstre. Det er det sjølvsagt fleire grunnar til, men hovudårsaka er eigentleg enkel: Etter ein heftig indre strid, stiller partiet for tida til val som tre ulike parti: Venstre, Moderaterne og Danmarksdemokraterne.
Dansk borgarleg side består no av ei heil rekkje parti, der alle i skrivande stund har mellom fem og 12 prosent oppslutnad.
Tidlegare Venstre-minister Søren Pind sa det om lag slik: Venstre er ikkje lenger ei bru mellom Herning og København, mellom bonden og akademikaren.
I så fall er det grunn til å tru at Herning etter kvart vil koma dårlegast ut.
Vanlegvis er danske Venstre rekna for å tilsvara norske Høgre, men for lesarar som ikkje heftar seg med dansk politikk, kan det vera greitt å få fram nyansane: Venstre kallar seg Danmarks liberale parti, men har tradisjonelt også famna mange verdikonservative. Det som kanskje skil danske Venstre mest frå norske Høgre, er likevel at Venstre har vore det fremste landbrukspartiet i grannelandet. Danske Venstre har eigentleg vore ein slags paraply for det som i Noreg ville vore element frå både Høgre, Frp, Sp og Venstre. Når partiet no stiller til val som tre ulike parti, kan me enkelt seia at Danmarksdemokraterne representerer det meir tradisjonelle segmentet utanfor dei store byane, medan Moderaterne i praksis er eit personleg prosjekt for tidlegare Venstre-statsminister Lars Løkke-Rasmussen.
Som om alt dette ikkje var nok, har Venstre mista veljarar til fleire andre parti: Dei meir økonomisk liberale finn seg for tida meir til rette i det relativt nye Liberal Alliance, og dei mest innvandringskritiske har fått det mykje betre i Dansk Folkeparti. Resultatet er at eit parti som tidlegare har kunna henta kring 30 prosent, dei seinare åra er redusert til mellom 10 og 15 prosent. Attende i Venstre har det altså vore meir eller mindre grunnfjellet: Byliberale og bønder (København og Herning). I alle høve ein ganske utenkjeleg veljarallianse i Noreg.
Ein felles, politisk heim
No kan det allereie skadeskote Venstre vera i ferd med å setja dei siste spikrane i si eiga, politiske kiste. På grunn av ein tverrpolitisk miljøavtale som er kalla «Den grøne treparten», ser det ut til å vera umogleg for Venstre å sameina dei typiske veljargruppene til det normalt breie folkepartiet. Ein del av den grøne treparten omhandlar nemleg omstilling i det industrialiserte, danske jordbruket.
I Danmark har det vore heftig debatt om kvaliteten på drikkevatnet og verknadane jordbruket har på det, og elles generelt om næringa si bruk av sprøytemiddel og gjødsel. Ein del danske Venstre-folk meiner difor at tida no er komen for eit endeleg oppgjer med landbruksinteressene som har vore dominerande i partiet. Resultatet kan fort bli at bøndene takkar for seg.
Kan det som no skjer med danske Venstre samanliknast med det som skjedde med norske Venstre, berre hundre år tidlegare?
Frå skipsreiarar til lekpredikantar
Det heile starta jo med at dei mest konservative (eller minst radikale?) gjekk ut med Frisinnede Venstre, som etter kvart vart absorbert av Høgre. Sidan gjekk bøndene ut og skipa Bondepartiet (Sp), medan kristen- og fråhaldsfolket etter kvart braut ut med KrF. Siste spikaren i den norske Venstre-kista kom med EF-splittinga på Røros. Den ekstremt breie koalisjonen av borgarlege veljarar var spreidd for alle vindar.
Det opphavlege Venstre var i starten den politiske heimen for alt frå skipsreiarar i Bergen til lekpredikantar på bygdene. Partiet var truleg dømt til å sprikka, før eller sidan.
Det er vel få som i våre dagar går rundt og tenkjer på Venstre si oppsplitting som eit stort tap, men eg trur ikkje me skal undervurdera at Noreg med dette mista ein borgarleg arena der menneske med svært ulike verdiar var nøydde å leva i same politiske fellesskap.
Den største taparen vart etter mitt syn likevel Vestlandet. For Venstre var mykje godt for Vestlandet, og det var ei slags vestlandsk offentlegheit som opphavleg var samla i dette partiet. Då partiet vart splitta, forsvann altså det som var den konkrete og fysiske arenaen for denne offentlegheita.
Men kven bestod den så av, denne offentlegheita? Eigentleg dei aller fleste som budde på Vestlandet, og som ikkje var embetsfolk: Lærarar, bønder, fiskarar, akademikarar, bedriftseigarar, kristenfolk, målfolk osb. Folk som var tilhengjarar av streng kristendom fann felles grunn med urbane fritenkjarar. Dtet var ganske utruleg at så mange ulike samfunnsgrupper kunne sameinast om den gongen radikale idear om fridom, utvida rettar og liberalt folkestyre.
Kvifor Venstre sine opphavlege idear vart så samlande på særleg Vestlandet, må nokon med formell historiekompetanse seia meir om. Men skal eg synsa, var det vel fordi Venstre trefte noko heilt grunnleggjande i den vestlandske folkesjela. Og eg trur ikkje den vestlandske folkesjela har endra seg så mykje sidan då, så det skulle vel vera mogleg å koma opp med eit liknande sett av idear også i våre dagar.
Men for å klara det, må ein først finna ut kva den vestlandske folkesjela lengtar etter no.
Poenget med samanlikninga med Danmark er at oppsplitting av veljarkoalisjonar over tid har store verknader. Norsk historie kan gi ein peikepinn på kva som no ventar i Danmark.
Slike havari er nemleg ofte gode nyhende for sentralmakta.
Høgrefolk i Sp - og omvendt
I perioden 2015-2019 var eg ordførar i Kvinnherad kommune for Høgre. Saman med Sp hadde me fleirtal i kommunestyret, men me hadde òg eit ganske nært samarbeid med KrF og Venstre. Med andre ord: Alle som før berre ville ha vore Venstre-folk.
Og som kanskje eigentleg er det enno?
Eg opplevde nemleg fleire gonger å bli nedstemt på gruppemøtene når eg tok til ordet for typisk Høgre-politikk. På den andre sida seier ryktene at fleire av dei store Sp-profilane i Kvinnherad stemte ja til EU begge gonger.
Det er vel slik det blir når borgarleg innstilte vestlendingar hamnar i ulike parti.
Ein ting er uansett sikkert: Hadde Venstre ikkje gått i oppløysing i starten av førre århundre, hadde eg aldri vore ordførar i Kvinnherad for Høgre. Og Venstre hadde truleg vanlegvis hatt nærmare reint fleirtal i kommunestyret.
Og kva med det politiske landskapet nasjonalt? Kunne Vestlandet vore ein sterkare region i dag, viss me ikkje hadde øydelagd dette gamle maktinstrumentet?
Eg vil hevda ja.
Litt av ein gjeng
Med Gamle-Venstre forsvann den borgarlege fellesskapen der det som i dag ville vore alt frå urbane akademikarar (via m.a. bedriftseigarar, små- og storbønder, barneskulelærarar og skeive) til frikyrkjelege, var nøydde å sitja i same rom og bli samde.
I våre dagar kan dette høyrast håplaust ut, men det er kanskje nettopp difor eg har festa meg ved tanken. Kva om me hadde hatt denne fellesskapen no?
Ja, kva om me alle framleis berre var Venstre-folk? Korleis ville den offentlege samtalen på Vestlandet høyrast ut, og kva for gjennomslag hadde me oppnådd nasjonalt dersom «alle» møttest jamnleg på Venstre-møte i by og bygd?
I denne samanhengen må me sjølvsagt først spørja oss kvifor det skulle vera eit sjølvstendig poeng at Vestlandet fekk så mykje meir gjennomslag. Det første alle tenkjer då, er jo berre at staten skal bruka mykje pengar på dyre samferdsleprosjekt i vanskeleg terreng.
Og sjølvsagt vil me jo det, men eg trur me vil meir, og eg trur me har meir å bidra med.
Me har slutta å byggje landet
Eg trur me er komne til eit punkt i Noregshistoria der landet vårt er i ferd med å dovna. Det er som om me ikkje kjem vidare, og eg synest eg ser mange teikn på at oljerikdomen vår har ført til at me sluttar å byggja landet. Me klarar ikkje byggja ut meir kraft. Me klarar ikkje halda på kapitalen. Dei store infrastrukturprosjekta let venta på seg. Det skortar på innovasjon. Me har ikkje svar på kva me skal gjera med mangelen på arbeidskraft, og skulen strevar med samfunnsoppdraget sitt.
Det er i denne situasjonen at vestlendingen bør finna attende til seg sjølv, og ta eit ansvar for den nasjonale utviklinga. Me treng å bli samde om korleis me skal bruka naturressursane våre framover, for det er me som har dei. Det er naudsynt å byggja landsdelen saman, for viss ikkje vil mange oppleva at neste generasjon slår seg ned ein stad i landet der mobilitet ikkje er eit problem. Me må finna ut korleis me skal få skulen tilbake som sentrum i lokalsamfunnet, og som den heilt grunnleggjande arenaen for danning, vern og vidareutvikling av norsk språk og kultur.
Det sistnemnde området er særleg viktig, for no er me komne under utriveleg sterkt press frå teknologigigantane, og me er nøydde til å svara for å kunna bevara. Med all den motkulturen me vestlendingar naturleg har buande i oss, trur eg me kan vera særleg eigna til nettopp dette.
Vidare må me finna ut korleis bonden kan overleva uavhengig av internasjonalt samarbeid, og me er nøydde å ta vare på den kristne og humanistiske arva vår, medan resten av verda held på med kulturkrigen sin.
Vestlendingane er også nøydde til å finna ut av korleis me skal gjera med skatt og velferd. Ein ting er at resten av landet tydelegvis aldri finn ut av det, men her på Vestlandet lever me midt i denne diskusjonen, og har gode føresetnader for å bli samde viss me først berre snakkast.
Og no har eg ikkje eingong nemnd kultur og høgare utdanning. På dette området både treng og fortener Vestlandet langt meir enn det me har fått så langt.
Gjennomslag for Vestlandet handlar såleis om så mykje meir enn berre samferdsle. Men ingenting av dette får me til viss me ikkje samlar oss. Og i eit demokrati er det partisystemet som er vegen til gjennomslag.
Eg meiner difor at einkvan burde sett seg ned og analysert kva ei moderne utgåve av den opphavlege Venstre-koalisjonen på Vestlandet ville vore, og om det kan vera mogleg å reetablera denne.
Viss eg skal freista koma med eit bidrag til analysen, vil eg seia næringsdrivande, akademia, kulturfolk- og utøvarar, lærarar, sjukepleiarar, bønder, fritenkjarar og skeive, målfolk og praktiserande kristne.
Og dessutan at ein ikkje måtte tenkt eit typisk norsk parti med ideologiske skrankar, men heller ein politisk paraply for ein landsdel som er kjend for mykje regn.
Kva i all verda skulle vore fellesnemnaren her? vil folk kanskje spørja. Vel, postadresse Vestlandet og ei ikkje-sosialistisk tilnærming til politikk, vil eg i så fall svara.
Urealistisk, vil dei fleste uansett hevda, og det er heilt sikkert rett. Men viss me ser vekk frå det, ville det blitt ei verkeleg god politisk kraft.
Kamelåså?
Kvifor vert det ofte konflikt mellom til dømes urbane miljøvernarar og bønder, som nett no er tilfellet i Danmark? Det er fordi det er vanskeleg for nokon som aldri snakkar med ein bonde, å forstå kva som står på spel for bonden. For bonden handlar omstilling om meir enn å endra arbeidsmåte. Det handlar om sjølve grunnlaget for familielivet. Garden er også heimen, og når drifta av denne vert råka av uvisse, er det sjølve heimen og familietradisjonane som er i fare. Dette er såpass personleg at ein bonde på si side ikkje automatisk utviklar ei djup forståing for den urbane miljøvernaren sine trass alt legitime interesser.
Som dei seier i Harald Eia og co. sin elleville Danmarks-parodi: «Vi forstår hindanden ikke».
I ei tid der algoritmar lagar ekkokammer som er tettare enn eit hus med TEK17-standard, vil det heller ikkje bli enklare.
Det er sjølvsagt lett å hevda at tida for breie veljarkoalisjonar rett og slett berre er over, og at dette er håplaust tankespinn. Danmark er jo eit ferskt døme på det. Heilt sikre kan me likevel ikkje vera, med mindre nokon prøver på nytt.
Tolma deg no
All den tid sentrum/periferi ser ut til å vera den evige skiljelinja i norsk politikk, er det i grunn rart at ikkje partistrukturen speglar dette. I staden organiserer ein seg i relativt svake fylkeslag. Det finst ikkje noko utprega Vestlands-parti, og dermed er Vestlandet svakt i nasjonal, politisk samanheng. Hadde den noverande partistrukturen tent Vestlandet godt, hadde mykje vore annleis. Og som Frank Rossavik i Aftenposten nyleg skreiv i ein kommentar om nettopp Vestlendingen: Alle dei gamle maktpartia er ganske sentralistiske.
Utover dette hevdar nesten alle å vera sterkt uroa for den stadig aukande polariseringa i samfunnet. Viss me vestlendingane hadde bestemt oss for at me no skal bli motstraums igjen (slik me jo eigentleg er), måtte me teke kampen opp mot nettopp denne megatrenden. Ein konkret måte å gjera det på, kunne enkelt og greitt vore å freista gjennoppliva eit Original-Venstre med ein svært mild ideologisk profil, og ein tilsvarande skarp geografisk profil.
For dette måtte vore det soleklåre Vestlandspartiet, som nettopp alle vestlendingar med eit nokonlunde felles grunnsyn ville slutta opp om. Men det kunne samstundes ikkje heitta Vestlandspartiet, eller utelukkande vore eit regionalt parti. Vestlendingen har trass alt aldri vore separatistisk, og me har alltid villa vera med å byggja Noreg.
Men no må det likevel vera Vestlandet sin tur for dei store prioriteringane, og det må det vera lov å meina, også om ein er glad i resten av landet.
Viss tilleggseffekten av mindre polarisering og meir fellesskap hadde vore at Vestlandet fekk den posisjonen som me vel alle meiner det fortener nasjonalt, kunne det kanskje vore verdt å prøva.
Men det er klårt: Mange måtte tolma seg kraftig.
