Tenkjer unge på Sunnmøre i dag på seg sjølve som vestlendingar?
Vi har blitt vestlendingar i ein trøndersk vasallstat, skriver Sverre Øvrelid Steen.

Sverre Øvrelid Steen er dagleg leiar i Sunnmøre Regionråd og skriver i Vestlendingen som spaltist.
For min generasjon er svaret sjølvsagt: Sunnmøre er Vestlandet, slik har geografien, historia, språket og kulturen plassert oss. Vi låg under Gulatinget og høyrde til Bjørgvin bispedømme heilt fram til 1983.
Så seint som i 2017 skreiv regjeringa at dei to mest folketunge distrikta i Møre og Romsdal, Romsdal og Sunnmøre, i liten grad var orienterte mot Trøndelag, og at dei i større grad var ein del av Vestlandet. Særleg gjaldt dette Sunnmøre.
Likevel møter ein sunnmøring i dag stadig namnet Midt-Norge.
Helse Midt-Norge er det mest synlege dømet, men langt frå det einaste. Gjennom fleire tiår har staten plassert Møre og Romsdal i regionale strukturar saman med Trøndelag.
Midt-Norge var tradisjonelt eit anna namn på Trøndelag. Det nye er altså ikkje namnet, men at heile Møre og Romsdal gradvis har blitt ein del av det.
Vestlendingar i ein trøndersk vasallstat
Eg trudde lenge at denne historia starta rundt tusenårsskiftet, då staten for alvor byrja å organisere landet i større administrative regionar. Men det viser seg at allereie på midten av 1970-talet blei Møre og Romsdal plassert saman med Sør- og Nord-Trøndelag, då landet fekk fem helseregionar. Til trass for at tilrådinga den gongen var å samle søre del – eventuelt heile Møre og Romsdal – saman med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Sidan har den administrative retninga blitt stadig tydelegare. Staten har aktivt integrert Sunnmøre nordover, men ikkje levert på lovnaden om å integrere oss fysisk den vegen den historiske identiteten trekk oss: sørover langs Vestlandet.
Regionsinndelinga påverkar kvar fagmiljøa blir bygde opp, kva saker som blir løfta i fellesskap og kven som framstår som naturlege alliansepartnarar. Det kan også påverke korleis vi ser oss sjølve.
Sett på spissen: Vi har blitt vestlendingar i ein trøndersk vasallstat.

Verdiskapande allianse
Korleis vi endte der er mindre interessant for Sunnmøre enn spørsmålet om kven vi har eit strategisk interessefellesskap med.
Sørover langs kysten kjenner vi att topografien og lynnet. Vi finn klynger og næringsliv som liknar vårt eige, med bedrifter som konkurrerer internasjonalt, men som er avhengige av ganske grunnleggande ting her heime: kraft, kompetanse, kapital og transport.
Det betyr ikkje at Sunnmøre skal vende ryggen til Trondheim. Tvert imot finst det gode døme på kva som kan skje når sterke miljø blir kopla saman, med NTNU i Ålesund som det fremste. Då høgskulen blei ein del av NTNU for ti år sidan, blei eit næringslivsnært sunnmørsk fagmiljø kopla til forskingstyngda ved det største universitetet i landet. Samstundes fekk NTNU tilgang til eit av dei mest teknologitunge og eksportorienterte næringsmiljøa i landet.
Denne alliansen har skapt verdi. Og det bør interessere oss som er nysgjerrige på kva eit samla Vestlandet kan få til.
I kronikken Dette kan Vestlandet lære av Bayern blei det peika på at nettopp NTNU-miljøet i Ålesund kan vere ei potensiell gullgruve for nye verksemder, medan Stavanger har eit sterkare kapitalmiljø og Bergen tunge kunnskaps- og innovasjonsmiljø. For å hauste gevinstane av dette må mellom anna byane i større grad sjå kvarandre som eitt felles sentrum, skreiv forfattarne.
Derfor er det grunn til å stille spørsmål ved sambanda og samarbeidet sørover.
Kjem ikkje med hua i handa
Sunnmøre er ikkje ein utkant som treng å bli tatt inn i varmen av resten av Vestlandet.
Det ligg ein særskild skaparkraft i denne delen av landet. Det harde klimaet og den krevjande geografien har gjort det nødvendig å finne løysingar sjølv. Over tid har det vore med på å skape ein kultur for problemløysing, innovasjon og entreprenørskap.
I den eksportretta industrien, maritim sektor, fiskeri og havbruk, møbelproduksjon og teknologiutvikling er det tusenvis av menneske som arbeider i næringar som ikkje først og fremst konkurrerer med nabokommunen, men med verksemder ute i verda.
Skal du selje skip, fisk eller teknologi internasjonalt, held det ikkje å vere best i fylket. Du må hevde deg mot dei beste i verda.
Klarer vi på Vestlandet å samarbeide betre vil vi gjere heile landsdelen sterkare som eksport-, industri- og kunnskapsregion.
Det hjelp ikkje at vi på papiret høyrer til same landsdel dersom reisetidene gjer samarbeid tungvint, arbeidsmarknadene små og fagmiljøa fjernare enn dei treng å vere.
Universitetet bind Ålesund til Trondheim, og vi har fått investeringar i infrastruktur som gjere reisetida nordover stadig kortare. Sørover er E39 framleis ei endelaus rekke ferjer og lange reisetider.
Metaforisk brubygging
Då Vestlendingen blei lansert, skreiv Mathias Fischer at «vi har bygget broer, men ikke nok». Det kan lesast ganske bokstavleg, men også politisk.
For ein felles vestlandsk offentlegheit blir sterkare når næringsliv, kunnskapsmiljø og arbeidsmarknader faktisk blir tettare kopla saman.
I delar av Vestlandet skjer dette allereie. Rogfast vil binde Stavanger og Haugesund langt tettare saman. Andre store prosjekt endrar avstandane mellom byane sør på Vestlandet.
Lenger nord er den same langsiktige ambisjonen vanskelegare å få auge på.
På Sunnmøre må vi vere medvitne kva samband vi prioriterer og kven vi byggjer samarbeid med. I mange av dei viktigaste spørsmåla for næringslivet og samfunnsutviklinga vår peikar interessene sørover langs kysten.
Om neste generasjon på Sunnmøre opplever seg som vestlendingar, kjem til å handle meir om kva del av landet vi faktisk har bygd oss saman med enn den historiske identiteten.
