Jobben treng ikkje lenger bestemme kvar du bur
Å flytte treng ikkje bety at du må slutte. Ta med deg jobben heim, skriv Olav Drangeid.

Olav Drangeid er tidligere deltaker på Vestlandsakademiet til Initiativ Vest og bidragsyter for Vestlendingen.
På NRK Ytring har Anniken slutta med heimekontor, medan Richard har slutta med kontoret. DNB fjernar ordninga med faste heimekontordagar.
I Vestlendingen har Alfred Bjørlo peikt på at staten og store arbeidsgivarar samlar makt, kompetanse og arbeidsmarknader når dei samlar folk rundt hovudkontora.
Bjørlo har rett i at Vestlandet og norske distrikt er lite tente på at enkelte vil tilbake til eit mindre fleksibelt arbeidsliv. Men vi treng ikkje vente på at staten skal oppdage fjernarbeidet og bygge ut distriktskontor.
For det mest interessante med fjernarbeidet er ikkje nødvendigvis at staten kan flytte fleire arbeidsplassar ut av Oslo.
Det er at arbeidsplassen ikkje alltid treng å flytte i det heile.
Auka moglegheiter
Det er viktig å skilje mellom heimekontor og fjernarbeid.
Heimekontor kan bety at du jobbar heimefrå to dager i veka, men framleis er heilt avhengig av arbeidsmarknaden i byen du bur i. Fjernarbeid kan derimot skilje arbeidsplassen heilt eller delvis frå bustadadressa.
Kanskje ønsker du å flytte heim til Sauda, Sogndal eller Stryn. Dersom jobben som passar utdanninga di ligg i Bergen, Stavanger eller Oslo, har valet lenge vore rett fram: Flytt dit jobben er, eller finn deg noko anna å gjere.
Det valet er ikkje like absolutt lenger.
Og Vestlandet har eiga forsking om dette. På oppdrag frå Hardangerrådet har NORCE undersøkt nettopp samanhengen mellom fjernarbeid og distriktsutvikling. Undersøkinga omfattar 500 yrkesaktive med jobbar der oppgåvene kan løysast heilt eller delvis frå avstand.
Rundt 15 prosent svarar at det er ganske eller svært aktuelt å flytte til ein annan kommune dersom dei ikkje treng fast arbeidsplass hos arbeidsgivaren. NORCE reknar dette om til eit grovt nasjonalt potensial på rundt 200 000 arbeidstakarar.
Når bindinga til ein fast arbeidsstad blir svakare, kan også lista over moglege bustader bli større. For ein liten stad, kan berre få menneske bety mykje.
NORCE finn også at dei som bruker heimekontor mykje, aksepterer lengre reiseveg til arbeidsgivaren. Det kan gi fleire høve til å bu utanfor dei største arbeidsmarknadene utan å gi slepp på jobben.
Ei verksemd i Bergen kan bruke kompetansen til ein som bur i Norheimsund. Ei verksemd i Ålesund kan halde på ein medarbeidar som vil heim til Nordfjordeid. Arbeidsgivaren får kompetansen. Lokalsamfunnet får innbyggaren.
Det betyr ikkje at det er enkelt. Nytilsette skal lærast opp. Team skal byggast. Nokre problem blir best løyste rundt same bord. Og dersom arbeidsgivaren krev fysisk oppmøte fleire dagar i veka, hjelper det lite å bu fem timar og ei ferje unna.
Men mellom fem dagar på kontoret og fullstendig stadlaust fjernarbeid finst eit stort handlingsrom. I vest kan dette rommet vere særleg verdifullt.
Kontorfellesskap
Kontorfellesskap på heimstaden kan vere ein del av løysinga. Dei erstattar ikkje kollegaer, men kan gi fjernarbeidaren eit fagleg og sosialt miljø der han bur.
Møre og Romsdal fylkeskommune har støtta utviklinga av kontorfellesskap på mindre stader sidan 2022. Ordninga er seinare løfta fram av Interreg Europe som ein god praksis. I ei førebels oversikt viser Interreg Europe til 37 kontorfellesskap i 20 av dei 27 kommunane i fylket. 27 av dei har kome til sidan 2022, 20 av desse med støtte frå fylkeskommunen.
Interessa finst også blant arbeidstakarane. Eit nordatlantisk prosjekt har arbeidd med å trekke til seg fjernarbeidarar til prøvebuing og coworking i mellom anna Geiranger-området, Island og Færøyane i vintersesongen. Ei felles utlysing fekk nær 15 000 søknader frå heile verda i 2025, opp frå om lag 300 året før.
Talet er stort nok til at ein kvar vestlending bør vere nysgjerrig på etterspurnaden. Allereie har ein belgisk familie valt å bli igjen etter å ha prøvebudd som digitale nomadar på første året.
Fjernarbeidet passar ikkje for alle jobbar, arbeidsgivarar eller arbeidstakarar. Vestlandet vil framleis ha store avstandar, og mange jobbar krev fysisk nærvær.
Store deler av arbeidslivet kan vere meir fleksibelt. Då bør vi vere varsame med å bygge ned moglegheitene før vi har forstått kva dei kan gi oss.
